Grimeton kringkastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grimetonmastene (Foto: Gunnar Larsson)

Grimeton kringkastar er ein langbølgjesendar for telegrafi og radiokommunikasjon. Kringkastaren ligg i Grimeton i Varberg kommune i Sverige. Anlegget kan verta omtala som «Radiostasjonen Grimeton» eller «Varberg radiostasjon». Anlegget var fram til 2003 eigd av mobiltelefonselskapet Telia Mobile. Etter den tid overtok Grimeton verdsarvstifting eigarskapen.

I juli 2004 vart anlegget teke med på UNESCO si verdsarvliste for kulturminne. Sendaren er den einaste elektromekaniske langbølgjesendaren i verda som framleis er brukande. På området finst det seks master. Høgda på mastene er 127 meter. I tillegg fanst to 200 kW Alexandersonaggregat. Det eine av desse aggregata vart skrota i 1960.

Bygging og bruk[endre | endre wikiteksten]

Kringkastaren vart bygd i tida frå 1922 til 1924. Riksdagen gjorde i 1921 vedtak om å byggja ein radiosendar for trådlaus telegrafi med Sambandsstatane (USA). I desember 1924 opna det første direkte radiosambandet mellom Sverige og USA. Offisielt vart anlegget opna den 2. juli 1925. Sambandet var eit resultat av samarbeid med det amerikanske firmaet Radio Corporation of America (RCA). Grimeton fungerte som sendarstasjon, medan mottakarstasjonen låg i Kungsbacka.

På den svenske sida stod Grimeton for sambandet. I USA var Radio Central i Long Island ein tilsvarande kringkastar. Anlegget vart planlagd av Ernst Alexanderson, ein svenskfødd sjefsingeniør i RCA. Sendarbygget var teikna av Carl Åkerblad.

Eit nettverk av liknande kringkastarar vart bygd over heile verda i løpet av 1920-talet. Av desse finst berre Grimeton att som er mogleg å bruka til kringkasting. Heile anlegget er i detalj teke var på i opphavleg stand. Under den andre verdskrigen spela stasjonen ei stor rolle for sambandet med USA då kabeltrafikken vart stogga.

Gradvis vart langbylgje erstatta med sending via kortbølgje. Ein av grunnane til at stasjonen vart vedlikehalden var til bruk for kommunikasjon med ubåtar.

Radiosendaren vart den 11. oktober 1996 verna etter den svenske kulturminnelova. Området vart vurdert til å ha vera viktig nasjonalt som kulturminne. I 1997 utpeika Svensk Industriminneforening Grimeton kringkastar til «Årets Industriminne». Regeringa nominerte i desember 2002 kringkastaren til UNESCO si liste over verdsarv. I 2004 vart området teke med på verdsarvlista.

Kvart år den 4. juli vert «Alexandersondagen» feira med å senda ut eit morsesignal frå kringkastaren. SAQ er kallenamnet til kringkastaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nyström, Britta: Radiostationen Grimeton - en etnologisk studie över verksamhet och vardag., Halmstad 2002.