Grimstad kommune
| Grimstad kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0904 |
| Fylke | Aust-Agder |
| Adm.senter | Grimstad |
| Areal | 303 km² |
| Folkemengd | 21 244 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Hans Antonsen (V) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.grimstad.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Grimstad kommune på Commons | |
Koordinatar: Grimstad er ein kystkommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slengne saman med Grimstad.
Byen er kjend for sin vene skjergard og for sitt unike teater i eit steinbrot i Fjæreheia. Teateret vert drive av Agder teater og vart opna i 1993. Her er over 1000 sitjeplassar.
I 1953 vart den fyrste plastbåten i Noreg produsert og sjøsett av Herbert Waarum (plastbåten sin far). Seinare kom firmaet Herwa plast i Grimstad.
I 2002 vart mikrobryggeriet Nøgne Ø stifta, bryggeriet har motteke ei rad prisar for sitt øl.
Grimstad er òg kjend for at forfattaren Roald Dahl budde her delar av somrane han var i Noreg. Han budde då på Strand hotell på Fevik aust i kommunen.
Avisa i byen heiter Grimstad Adressetidende og kjem ut tre gonger i veka.
Innhaldsliste |
Tettstader [endre]
Folk tilknytta Grimstad [endre]
- Henrik Ibsen, forfattar. Ibsen budde i Grimstad frå 1844 til 50 som apotekarlærling. Han flytta vidare til Oslo for å studera. Ibsenhuset museum (opna i 1909) var bustad frå 1847.
- Knut Hamsun, forfattar, budde på garden Nørholm frå 1918 til 1952. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1920.
- Clara Thue Ebbell (1880–1971), forfattar
- Dag Otto Lauritzen (f. 1956), tidlegare syklist
- Thor Hushovd (f. 1978), syklist
Bakgrunnsstoff [endre]
- Grimstad turistinformasjon
- Grimstad Adressetidende
- Kommunefakta Aust-Agder frå Statistisk Sentralbyrå
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Aust-Agder | ||
|---|---|---|
| Arendal · Birkenes · Bygland · Bykle · Evje og Hornnes · Froland · Gjerstad · Grimstad · Iveland · Lillesand · Risør · Tvedestrand · Valle · Vegårshei · Åmli | ||