Grimstadfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grimstadfjorden er ein fjord i Bergen kommune, like nord for Bergen lufthamn, Flesland og ein fjordarm av Raunefjorden. Sjølve Grimstadfjorden har ei lengd på 5,5 km inn til Loddefjord i nord, men medrekna Nordåsvatnet som held fram austover forbi Straume bro er han 9,5 km lang.

Fjorden har innløp rett aust for Bjorøy mellom Grimstad i sør og Hilleren ved Vatlestraumen i nord. Haakonsvern, marinebasen til den norske marinen, ligg på nordsida av fjorden og innanfor her strekkjer Mathopsvågen og Bjørndalspollen seg nordover. Mellom Mathopsvågen og Bjørndalspollen går det ein 10-12 meter vid kanal. Bjørndalspollen strekkjer seg heilt inn til Loddefjord og ligg på austsida av Hetlevik.

På sørsida, aust for Grimstad ligg Søreidgrenda ved Dolvika. Her går Straume bro, ei klaffebru som kan løftast slik at større båtar kan ta seg inn til Nordåsvatnet.