Grind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For grind innan pønk, sjå grindcore

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.

Halldis Moren Vesaas
«Ord over grind», 1955

Grind kan visa til ulike byggverk, gjerne gitterforma, brukt som port, gjerde, karm eller reisverk. Ordet kan også brukast om grindliknande delar av menneske og dyr.

Gjerde og portar[endre | endre wikiteksten]

Eit grindgjerde er eit gjerde laga av fleire grinder bundne saman. Det kan dermed lett flyttast.

Ei grind som port kan vera ein enkel konstruksjon av tre eller metall. Ho kan vera einhengsla, fleirhengsla eller utan hengsle.

Karmar og rammer[endre | endre wikiteksten]

Grindverk kan vera ein byggeteknikk der ein bruker grinder som reisverk i hus. Ordet kan også brukast om espalier til plantar.

Ein grindvev er ei enkel form for vevstol der midtstykket er ei gittergrind. Grindsag er ei sag der bladet er festa til ei grind.

Ulike konstruksjonar som minner om grinder har fått namn etter dei, til dømes takgrind og leikegrind.

Bruk i biologien[endre | endre wikiteksten]

Grind kan også brukast om som skjelett (beingrind) og gevir, særleg på reinsdyr. Ordet «grindkval» kan også ha samband med ordet grind; ordet kjem frå færøyske grindahvalur og skal visa til korleis kvalane sym i gitterformasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]