Grindkval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grindkval

Status i verda: Utilstrekkeleg data
Status i Noreg: LC Livskraftig

Grindkval med kalv
Grindkval med kalv

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Cetaceae
Familie: Delphinidae
Slekt: Globicephala
Art: G. melas
Vitskapleg namn
Globicephala melas
Grindkval.
Foto: Erik Christensen

Grindkval er ein art i delfinfamilien. Namnet kjem frå oldnordisk grind. På færøyisk kalla ein kvalen opp etter flokken sin likskap med ei rekke grinder. Det sams skandinaviske (og tyske og hollandske) namnet kjem frå Færøyane, der grindkvalen heiter grindahvalur og ein flokk berre grind. Arten finst i tempererte hav på både den nordlege og den sørlege halvkula. I tropiske og subtropiske havområde finst den nærskylde kortfinna grindkval.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Grindkval er ein mellomstor, svart 3-6 meter lang tannkval som kan vege opp til 3 000 kg. Hoa veg litt mindre enn hannen. Kroppen er sylindrisk med rundt hovud og kort nebb, med ein litt oppovervend munn og lange spisse luffar. Lengda på luffane er 18-27 % av kroppen si lengde. Ryggfinnen er brei ved rota og sit framme på fremste tredel av ryggen. Rygg og sider er svarte, men kan ha ei gråleg teikning bak ved ryggfinnen. På buken finst ei ankerforma lys teikning. På ryggen bak ved hovudet sit nasebora, blåseholet, som dyret pustar gjennom når det kjem opp til overflata.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Grindkvalen held seg til opne hav som Middelhavet, ved Gibraltar og Korsika og Atlanterhavet. Dyra ferdast regelmessig i store flokkar kring Orknøyane, Shetland og Færøyane, der dei søker stimar av små blekksprutartar.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Kvalen et dagleg kring 50 kg næring, som kan vere ulike artar av blekksprut, stimfisk og krepsdyr, og leitar mest næring om natta, der han i opp til 10 min. kan dukke ned til djupner på 600 meter. I sjeldne tilfelle vert grindkvalen angripen av spekkhoggar, som i flokk kan jage ein einskild grindkval. Flokkinstinktet er mykje utvikla og dyra følgjer eit førardyr (pilotkval), oftast ein dominerande hann. Grindkvalar sender ut korte klikkelydar på 0,1-100 kHz., som vert brukte til ekkoorientering. Nokre av lydane er ultralyd, det vil seie lydar over 20 kHz.. Dyra kommuniserer seg i mellom ved hjelp av ulike fløytelydar på 3-4 kHz., som vert utstøytte 14-40 gongar i minuttet.

Forplanting og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Hoa er kjønnsmogen frå 6 års alder, og hannen på om lag dobbelt så lang tid. Paringa kan gjerast heile året, men oftast i april – juli. Hannane i flokken parar seg berre med hoer i andre flokkar. Hoa er drektig i om lag 15 månader. Ho får kalv normalt berre kvart femte til sjette år. Den nyfødde kalven er 1,6 - 1,9 m lang og veg om lag 75 kg. Etter to månader får kalven dei første tennene, og etter eit år er tanngarden fullstendig. Ungen diar mora i fire år, deretter parar mora seg att. Grindkvalen lever i 30-50 år, ein hokval vart 57 år.

Grindkvalen og mennesket[endre | endre wikiteksten]

Bestanden i det nordlege Atlanterhavet er taksert til over 100.000 dyr og kan derfor berre reknast som lite truga av kvalfangst, men som andre kvalartar er grindkvalen truga av ureininga i hava. Kvikksølv og bly lagrar seg i muskulaturen, lever og nyrene. Miljøgifter som PCB og DDT set seg i spekklaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk wikipedia.