Grip fyrstasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Grip fyrstasjon | ||
Foto: Peter John Acklam |
||
| Fylke | Møre og Romsdal | |
| Kommune | Kristiansund | |
| Funksjon | Kystfyr | |
| Oppretta | 1888 | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Fyrtårn | ||
| Høgd | 44,0 m | |
| Form | Fyrbygning med raudt tårn | |
| Byggjemateriale | Støypejern | |
| Fyrlys | ||
| Lyskarakter | 2 okkulterande glimt kvart 8. sekund | |
| Lyshøgd | 47 moh | |
| Lysvidde | 19 nm | |
| Status | ||
| Eigar | Staten | |
| Automatisert | 1977 | |
| Avfolka | 1977 | |
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | |
Grip fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein naken holme ved fiskeværet Grip utanfor Kristiansund på Nordmøre.
Tårnet er bygd i støypejern og plassert på eit høgt fundament av hogd stein. I tillegg til fyrtårnet finn ein eit betongnaust og to landingar, men landingstilhøva er vanskeleg. Fyret stod ferdig i 1888 og er 44 meter høgt. I 1977 vart fyret avbemanna og automatisert.
Fyret er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Norsk fyrliste 2008 - side 365 (PDF - 15 mb). Kystverket.
- Grip fyrstasjon. Norsk Fyrhistorisk Forening.
|
|
|
|---|---|
| Alnes · Bjørnsund · Erkna · Flatflesa · Flåvær · Grasøyane · Grip · Haugjegla · Haugsholmen · Hellevik · Hestskjær · Hogsteinen · Kvitholmen · Lepsøyrev · Ona · Runde · Skalmen · Stavenes · Storholmen · Svinøy · Tyrhaug · Ulla |