Grip stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°11′23″N 7°38′10″E

Grip stavkyrkje
Grip stavkirke.jpg

Foto: kirkenorge.no

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Møre
Prosti:  Ytre Nordmøre
Fellesråd:  Kristiansund
Sokn:  Kristiansund
Innvigd:  Truleg kring 1470
Endringar:  1621, 1860-70-åra, 1932/33
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Skip:  Einskipa
Kyrkjerommet
Altartavle:  Alterskåp frå kring 1515
Plassar:  80 seter
Commons-logo.svg
Grip stavkyrkje på Commons

Grip stavkyrkje står i det fråflytte fiskeværet Grip på øya Grip utom Kristiansund by i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja plar daterast til kring 1470. Kyrkja har framleis mellomalderkjernen inntakt, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har same breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggane vart måla. I 1870-åra vart det laga nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggane vart panelte og kvitmåla.

Alteret og alterskåpet frå kring 1515.
Foto: Peter John Acklam
Grip stavkyrkje (Møre og Romsdal)
Grip stavkyrkje
Plasseringa til Grip stavkyrkje

I 1933 vart det gjort ei omfattande restaurering. Kyrkja vart heva og sett på nytt fundament. Ytterveggane vart bordkledde og tjørebreidde og panelet inni kyrkja vart avdekt. Slik kyrkja står i dag trur ein at ho var på 1600-talet. Det gamle mellomalder-altarskåpet, som truleg er laga i Nederlanda, vart òg atterinnsett. Motivet på altarskåpet er Jomfru Maria flankert av Olav II Haraldsson (heilag-Olav) og St. Margrethe. St. Margrethe vert i katolsk kristendom rekna som ei av dei 14 nødhjelparane som vert påkalla ved sjukdom. Det finst òg ei avbilding av henne i Bergen Museum på to altarskåpfløyer som kom til Bergen Museum frå Hjørundfjord kyrkjeSunnmøre i 1864.

[endre] Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Grip stavkirke»» frå Wikipedia på bokmål som oppgjev desse kjeldene:

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk