Gris
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gris |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Artiodactyla | |
| Familie: | Suidae | |
| Slekt: | Sus | |
| Art: | S. scrofus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Sus scrofa domesticus | ||
Gris eller tamgris (Sus scrofa domesticus) er ein underart av villsvin (Sus scrofa). Han vart domestisert parallelt i Kina og Europa for om lag 9 000 år sidan (Giuffra et al., 2000). Tamgrisen er ein altetar (omnivor), noko som tyder at han et både plante- og animalsk føde.
Innhaldsliste |
[endre] Typar
Grisar vert delte opp i to hovudtypar: mini-gris og landsvin
[endre] Hengebuksvin
Hengebuksvin er svart-brun av farge, og er veldig hard og tjukk i huda. Desse er vanlege å bruke som husdyr, ettersom dei kan lærast opp til for eksempel ikkje å late vatnet inne, og er veldig folkeglade dersom dei får sjansen.
[endre] Landsvin
Landsvin er den vanlegaste rasen, og er gjerne den rasen ein forbinder med ordet gris. Han er rosa av farge og er den mest brukte i landbruket i dag. Han er òg mjukare i huda, og har ein krøll på halen.
For å få eit saftig men magert kjøtt, så har ein for nokre år tilbake begynnt å krysse inn den amerikanske rasen duroc. Durocen er brun, og har feite lagra i kjøtte (marmorert).
[endre] Noroc
Ein Noroc har ein far som er halvt landsvin og halvt duroc, og ei mor som er halvt landsvin og halvt yorkshire-gris. Rasen er avla fram av Gilde og Norsvin og blir berre nytta i Edelgris-produkta frå Gilde.