Grorudbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grorudbanen på Økern.

Grorudbanen er ei av linjene i T-banenettet i Oslo. Banen skil lag på Tøyen T-banestasjon med dei andre T-banelinjene gjennom fellestunnelen gjennom Oslo sentrum, og går via Carl Berners plass T-banestasjon, Økern og gjennom dei tettfolka områda langs nordsida av Groruddalen fram til Vestli T-banestasjon, som er endestasjonen ikkje langt frå fylkesgrensa mot Akershus. Banen vart bygd som T-bane, og stod ferdig mellom Tøyen og Grorud 16. oktober 1966, frå Grorud via Romsås til Rommen 3. mai 1974, frå Rommen til Stovner 18. august 1974, og frå Stovner til Vestli 21. desember 1975. Det er lagt til rette for at banen kan lengjast nordover, inn i Akershus fylke, men det ligg ikkje føre konkrete planar for når det eventuelt skal gjerast.

Mellom Carl Berners plass T-banestasjon og Ullevål stadion T-banestasjon på Sognsvannsbanen er det tverrsamband via Sinsen, Storo og Nydalen, slik at det kan køyrast ei ringrute, kalla Ringen, gjennom fellestunnelen gjennom sentrum, Grorudbanen, tverrsambandet og Sognsvannsbanen. Mellom Økern på Grorudbanen og Sinsen på denne T-banelina går T-banelina Lørenbanen med stasjon på Løren, opna våren 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]