Grosvenor Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grosvenor Mountains
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 85°40′S 175°0′E / 85.667°S 175.000°E / -85.667; 175.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Grosvenor Mountains
85°40′00″S 175°00′00″E / 85.6667°S 175°E / -85.6667; 175
Grosvenor Mountains is located in Antarktis
Grosvenor Mountains (Antarktis)

Grosvenor Mountains er ei gruppe vidt spreidde fjell og nunatakar som stig opp av polarplatået i Antarktis, aust for toppen av Millbreen. Dei strekkjer seg frå Mount Pratt i nord til Mount Raymond-området i sør, og frå Otway Massif i nordvest til Larkman Nunatak i søraust. Dei vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på ein flytur under Byrd-ekspedisjonen til Sørpolen i november 1929, og vart namngjeven av han etter Gilbert Grosvenor, leiar i National Geographic Society, som var med på å finansiere ekspedisjonen. Fleire fjell nær Mount Raymond vart visstnok observert av Ernest Shackleton i 1908, men vart då rekna for å vere eit framhald av Dominion Range.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Grosvenor Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).