Grotlesanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grotlesanden sett innover frå vest.
Foto: C. Hill

Grotlesanden er ei ca. 700 meter lang sandstrand ved den vesle bygda Grotle i Bremanger kommune i Vestland. Opne svaberg rundt sanden gjev området eit særpreg. Grotlesanden ligg i Ytre Bremanger på vestsida av øya Bremangerlandet og vest for tettstaden Hauge.

Grotlesanden er populær i sommarmånadane. I mange år var sandstranda ein lokalt bevart løyndom, men er no ein del av Bremanger sin profilering som reisemål, og er ved sida av Kalvåg ein av dei mest sentrale attraksjonane. Sjølv om stranda er mest brukt i finvêr om sommaren, er området òg ein attraksjon under uvêr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • Denne artikkelen bygger på «Grotlesanden» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]