Grottefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grottefuglfamilien)
Grottefuglar
Gulhovudgrottefugl Picathartes gymnocephalus
Gulhovudgrottefugl
Picathartes gymnocephalus
Utbreiing
Utbreiinga av Grottefuglar
Utbreiinga av Grottefuglar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Picathartidae
Slekt: Grottefuglar Picathartes
Lesson, 1828

Grottefuglar er ei lita biologisk slekt Picathartes av to fugleartar innan familien Picathartidae funne i regnskogane i tropisk Vest- og Sentral-Afrika. Dei har nakne hovud med kraftige farger, og lever av insekt og virvellause dyr plukka frå fuktige område. Begge artane er standfuglar, og er avhengig av eit spesialisert habitat i jungel med berg eller stein.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grottefuglar er store, 33-38 cm lange sporvefuglar med kråkeliknande svart nebb, lang hals, hale og bein. Dei veg mellom 200 og 250 gram. Dei sterke føtene og gråe beina er tilpassa terrestriske rørsler. Vengene er lange, men blir sjeldan brukt for lange flygingar. Fjørdrakta på kropp og venger er mykje like for dei to artane, med lyst bryst, lys underside og mørkare grå og gråsvarte venger, rygg og stjert. Men farga på halsen varierer mellom artane, likeins skil farga på hovudet artane, noko som speglast i dei norske artsnamna deira, gulhovudgrottefugl og blåpannegrottefugl. Hovudet er fjørlaust med fargerik, mønstra hud.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Føda til grottefuglar er sett saman av eit breitt spekter av virvellause byttedyr. Byttedyra inkluderer ei rekkje insekt, særleg biller, termittar og maur, så vel som tusenbein, skolopendrar, meitemark og sniglar. Froskar og øgler blir òg tatt, men desse blir stort sett mat til ungar. Dei kan òg ta byttedyr i tre og kan dessutan søkje etter krabbar i grunt, rennande vatn. Når dei beitar på bakken nyttar dei det lange nebbet til å snu blad og gripe byttet, føtene blir aldri brukt til dette. Begge artane vil følgje maursvermar for å snappe byttedyr som flyktar frå maurane.

Begge artane av grottefuglar hekkar sesongmessig i regntida. Om eit område har to regntider gjennom eit år vil dei hekke to gonger i året. Trass rapportar om kooperativ hekking er det no antatt at dei er utelukkande monogame. Dei er ofte rapporterte å vere kolonihekkarar, og vil hekke i koloniar på opp til sju par, men det mest vanlege er einslege hekkepar og mindre koloniar med berre to par. Reiret er festa til taket i ei hòle eller under overhengande fjell. Det er koppforma med struktur av tørka blad, kvister og plantefibrar bakt inn tørka gjørme. Kullet er på to egg. Begge foreldra deltar i ruginga, kvar rugeøkt er på eit halvt døgn, det tar rundt 20 dagar til klekking. Ungane er nesten nakne og hjelpelause ved klekking, og treng rundt 25 dagar på å bli flygedyktige.

IUCN har oppført begge artane som sårbare på raudlista.

Artane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]