Gruberfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°22′S 13°25′E
Gruberfjella
fjellkjede
none  Smeltevassinnsjøen Nedresjøen i Gruberfjella
Smeltevassinnsjøen Nedresjøen i Gruberfjella
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°22′S 13°25′E
Administrert under Antarktistraktaten
Gruberfjella is located in Antarktis
Gruberfjella (Antarktis)

Gruberfjella (tysk Otto-von-Gruber-Gebirge) er ei lita fjellgruppe som består av eit stort fjellmassiv og fleire utanomliggande fjell, nordaust i Wohlthatmassivet i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (GerAE), 1938–39, under Alfred Ritscher. Fjella vart kartlagde på ny av Den sjette norske antarktisekspedisjonen, 1956–60, som namngav dei etter Otto von Gruber, ein tysk kartograf som teikna kart av området frå flyfoto tekne under GerAE. Fjellkjeda må ikkje forvekslast med «Gruber-Berge», som er eit uidentifisert toponym nytta av GerAE nord i Mühlig-Hofmannfjella.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gruberfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).