Gruinard Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gruinard Island
Lokalt namn: Eilean Gruinneart
Gruinard Island.jpg
Geografi
Gruinard Island is located in
Gruinard Island ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°53′ N 5°28′ WKoordinatar: 57°53′ N 5°28′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 1,96 km²
Høgaste punkt An Eilid (106 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Demografi
Folketal 0

Gruinard Island (skotsk-gælisk Eilean Ghruinneard) er ei lita øy i Skottland, om lag 2 km lang og 1 km brei. Ho ligg i Gruinard Bay, om lag halvvegs mellom Gairloch og Ullapool i Indre Hebridane.[1] Det vart utført eksperiment her med miltbrannbakteriar, og ho var derfor lenge farleg for alle pattedyr, før ho vart reinsa seint på 1900-talet.

I 1942 under den andre verdskrigen var Gruinard ein teststad for biologisk krigføring.[2] Det vart nytta miltbrann til å teste kor sårbare britane var frå tyske biologiske åtak, og om det var mogeleg å angripe tyskarane på same måten.[3] Gruinard vart valt ut som teststad fordi ho låg aude nok til at folk og fe ikkje vart skadde. Åtti sauer vart sett ut på øya og ho vart så bombardert med miltbrannsporar. Sauene fekk det i seg og døydde etter eit par dagar.[2] Enkelte av eksperiementa vart filma.

Øya vart sett i karantene og det vart strengt forbode å gå i land. I 1986 starta arbeidet med å reinse øya og heile øya vart spreia med ei 280 tonn stor formaldehydblanding blanda med sjøvatn, samt at delar av det øvste jordsmonnet vart fjerna. Ein saueflokk vart plassert ut på øya og klarte seg utan å verte sjuke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. United States National Research Council (2005). Reopening Public Facilities After a Biological Attack: A Decision-Making Framework. Washington, D.C.: National Academies Press. s. 196. ISBN 978-0309096614. 
  2. 2,0 2,1 Britain's 'Anthrax Island', BBC
  3. Living with anthrax island, BBC