Grunge-rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grunge
Stilmessig opphav: Alternativ rock, hardcore punk, heavy metal, indierock
Kulturelt opphav: Midten av 1980-åra i Washington i USA
Typiske instrument: Elektrisk gitar, bassgitar, trommer, vokal
Populær periode: Stor tidleg og på midten av 1990-talet, men låg sidan den gong.
Avleidde former: Post-grunge
Musikalske scener
Seattle

Grunge-rock er ein musikksjanger som først og fremst blir sett i samband med ei rørsle frå Seattle1990-talet. Sjangeren blir også kalla Seattle-rock.

Stilen skulle i utgangspunktet vere ei vidareføring av heavy metal (sjå Alice in Chains), men etterkvart som musikkstilen til dei forskjellige grungebanda (sjå nedanfor) utvikla seg så forskjellig, vart sjangeren berre ei fellesnemning på «musikk frå Seattle». Felles for denne musikken var tunge, djupe toner med mørk stil og ofte angstfylte tekstar om sosial framandgjering, apati og eit ønske om fridom.

Mange reknar Neil Young som «gudfaren» til grungebanda. Han inspirerte både Pearl Jam, Nirvana og Sonic Youth.

Band som Pearl Jam, Alice in Chains, Nirvana, Puddle of Mudd og Soundgarden førte fram rørsla som ofte gav seg ut for å vere venstreorienterte og samfunnskritiske. Musikken tok også med seg «grungemoten», oftast lause klede, som til dømes flanellskjorter og dongeribukser og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]