Grunnfjorden i Hadsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grunnfjorden er ein liten fjord på austsida av Austvågøy i Hadsel kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2 km nordvestover til Grunnfjordvatnet.

Fjorden ligg ved Raftsundet og har innløp ved nordvestsida av Ulvøya som ligg midt i sundet. Garden Svartsundet ligg på austsida av innløpet til fjorden, men elles er det ingen busetnader ved fjorden.