Grunnrente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grunnrente er eit samfunnsøkonomisk omgrep for fortenesta ein får av å eige jord/grunn. Mellom økonomane som har studert dette fenomenet er David Ricardo, Harold Hotelling, Henry George og Karl Marx. Omgrepet grunnrente kan òg nyttast om fortenesta ved å eige andre ressursar; i desse tilfella kan ein alternativt nytte omgrepet ressursrente. Grunnrenta kan ha ulike årsaker, og fleire typar grunnrente kan eksistere samtidig.

Ricardorente[endre | endre wikiteksten]

Ricardiansk grunnrente eller Ricardorente er ein type grunnrente som kjem av at ikkje alle einingane av ein ressurs har same kvaliteten. David Ricardo, som omgrepet har fått namn etter, knytte omgrepet til landbruksproduksjon.

Dersom etterspørselen etter landbruksprodukt aukar, må ein ta i bruk stadig nytt, men mindre produktivt, areal for å dekkje etterspørselen. For at dette skal vera lønsamt må dermed prisen på landbruksprodukta stige. Likevekta oppstår der marginalkostnadene ved det siste jordstykket er lik prisen. På dei mest produktive areala, vil kostnadene dermed vera lågare enn prisen, og eigarane av desse får ein reinprofitt, nemleg grunnrenta.

Hotellingrente[endre | endre wikiteksten]

Hotellingrente oppstår dersom det er absolutt knappheit av ein ressurs, og blir derfor òg kalla knappheitsrente. Omgrepet har fått namn etter den amerikanske økonomen Harold Hotelling. Denne typen grunnrente kan til dømes oppstå for betinga fornybare ressursar, som fisk. Her er det omsynet til framtidig ressursutnytting som kan gjera at prisen er høgare enn marginalkostnaden, fordi høgare uttak no fører til tapt framtidig inntekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brekke, Kjell Arne (2002) Forvaltning av naturressurser i Rødseth og Riis (red.) Markeder, ressurser og fordeling, 1. utg. 3. oppl. 2002, Gyldendal Norsk Forlag.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]