Gruyères

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gruyères
Horisonten til Gruyères
Kommunevåpenet til Gruyères
Kommunevåpenet til Gruyères


Plassering
Gruyères is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Fribourg
Distrikt Gruyère
Språk fransk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

28,39 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

1 789
  63 /km²
Koordinatar 46°35′0″N 7°5′0″EKoordinatar: 46°35′0″N 7°5′0″E
Høgd over havet 810 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1663
Nettstad: www.gruyeres.ch

Gruyères er ein by og ein kommune i distriktet Gruyère i kantonen Fribourg i Sveits. Han har 1 789 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 810 meter over havet.

Mellomalderbyen er ein viktig turistdestinasjon i den øvre dalen til elva Saane og har gjeve namn til den kjende ost. Byen er bilfri.[1]

Den historiske byen ligg på ein isolert ås nord i Alpane ved foten av fjellet Moléson. Det er òg her elva Saane forlet Fribourg-Alpane.

Kommunen består òg av dei to landsbyane Épagny i nord og Pringy i vest. I tillegg ligg den vesle landsbyen Saussivue i sør og feriestaden Moléson-Village i Albeuvedalen. Nabokommunar er Broc, Charmey, Bas-Intyamon, Haut-Intyamon, Semsales, Vaulruz, Vuadens, Bulle, La Tour-de-Trême og Le Pâquier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petit train de Gruyères nettside

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gruyères