Gryllefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gryllefjord
tettstad
Gryllefjord sett frå Ballesvikskaret
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 0,25 km²
Folketal 325  (2023)
Folketettleik 1 300 / km²
Postnummer 9380 GRYLLEFJORD
Innbyggjarnamn Gryllefjerding[1]
Preposisjon i Gryllefjord
Kart
Gryllefjord
69°21′46″N 17°03′10″E / 69.362777777778°N 17.052777777778°E / 69.362777777778; 17.052777777778
Wikimedia Commons: Gryllefjord

Gryllefjord er ein tettstad i Senja kommune i Troms. Staden var administrasjonssenter i tidlegare Torsken kommune i Troms.

Gryllefjord ligg på sørsida av den omtrent 7 km lange Gryllefjorden vest på Senja, og er eit viktig fiskevær som ligg innom Svennsgrunna og Malangsgrunna. Fylkesveg 86 går til Gryllefjord og det er ferjesamband til Andenes i Vesterålen.

I 1902 blei det bygd eit bedehus i Gryllefjord. Dette er seinare blitt vigsla som kyrkje under namnet Gryllefjord kapell.

Gryllefjord oppvekstsenter har barnehage og barne- og ungdomsskule.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet Gryllefjord har opphav frå det norrøne ordet Gryflufjǫrðr. Det første leddet i ordet kjem truleg frå genitivforma av ordet grufla, som tyder å rote, grave. Fjella på begge sidene av fjorden har botnar og groper som er gravne ut av naturkreftene, og dette er antakeleg utgangspunktet til namnet på fjorden.

Busetting og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Gryllefjord barne- og ungdomsskule i 2009.

Gryllefjord er ein eldgammal buplass der folk har haldne til gjennom lange tider. Allereie i steinalderen har det vore menneske på ferde her, og det er gjort fleire funn frå den tida. I strøket frå Spira og inn til Sildvikvatnet er det funne pilspissar og knivar av skifer. På Fjøsbakken ved Laberget er det oppdaga ein buplass frå steinalderen, elles i området 2 – 3 hustufter truleg frå steinalderen, og er vitnemål om at eit jeger- og fiskarfolk har hatt tilhald i fjorden for 3 - 4000 år sidan.

Det finst 4 gravhaugar frå jernalderen i gardsområdet, og den største av dei ligg på Spira og er over 20 meter i tverrmål. Det største og rikaste fortidsminnet i Gryllefjord er ein svær avfallsdunge som var danna i den rike fiskeperioden på 13 - 1500-talet. Haugen inneheld mellom anna mengder av dyregjødsel og restar av hus og båtar. Av finare ting er det funne ein menneskefigur av bronse frå 1400 –åra, og ei sølvskei frå omtrent 1500.[2]

Gryllefjord i dag, med Gryllefjord Fryseri & Kjøleanlegg til venstre

Innhaldet i avfallshaugen tyder på at det har vore folksamt og stor trafikk i Gryllefjord. Fisket var særs rikt på denne tida, og fiskarar frå mange kantar dreiv vinterror i været. Gryllefjord hadde samband med Bergen gjennom jektefarta og elles låg bergensborgarane og dreiv byttehandel med fiskarane. Varer frå hansabyane i Nord-Tyskland fann vegen til Gryllefjord og blei brukte av folket der.

Stortida til Gryllefjord som fiskevær varte eit stykke inn i 1600-talet. I åra 1612 til 1630 var kvantumet i været rundt 2000 våger tørrfisk for året i følgje skattelistene. Talet på fastbuande værmenn var kring 12 - 17 då, men i åra etter 1632 gjekk årskvantumet ned til 600 – 700 våger og talet på værmenn sokk ned til 5 – 6. Kring 1640 var værmannstalet oppe i 8 – 10, men fiskeavlinga hadde ikkje auka. Så kom ein ny nedgangsperiode i 1650-åra med berre 3 – 4 husmenn i været. Det var ein liten oppgangsperiode i 1670, før det tok til å gå tilbake for alvor. Fisket slo frå, og i uåra kring 1694 rømte værmennene frå været, slik at det berre var eit par fastbuande igjen der. Kring 1700-åra var det to til tre bønder i Gryllefjord, stundom berre ein, men det kunne enno liggje bra med framande fiskarar til rors i været.

Under 1800-talet minka det med framande rorsfolk, og kring 1860 – 70 var det ikkje mykje att av det gamle storværet. Folk ville heller drive fiske i utværa. No låg det fleire folk til rors i Holmen og Ørja enn i Gryllefjord, og Sandsvika og Teistevika hadde begge høgare folketal. Stadane Torsken og Kaldfarnes fekk dampskipsekspedisjon 20 – 30 år før det blei aktuelt med anløp i Gryllefjord.[3]

Eit stort omskifte tok til midt i 90-åra, der Kaarbø i Harstad lèt eit av skipa sine drive torskefiske på Svendsgrunna med base i Gryllefjord. Dette forsøket gjekk det så bra med at dampskip frå Harstad, Vesterålen og Ålesund tok opp denne drifta. Det førte til at fiskarane tok til å skaffe seg skøyter og blei med i bankfisket. Gryllefjord blei stasjon for dette fisket, og på tuftene etter det gamle mellomalderværet voks det på få år opp til eit moderne fiskevær. Det blei bygd fiskarheim og seinare eit bedehus i været.

Etter 1904 tok stordrifta på Svendsgrunna av, og Gryllefjord fekk no ein stagnasjonsperiode som varte til midten av 1920-åra. Då tok kveitefisket seg opp på Senjabankane og gav godt utbytte i nokre år. Seinare gjekk fiskarane over til skreifiske ute i havkantane og skaffa seg etter kvart nye og større båtar. Gryllefjord blei ein viktig base for dette fisket, og no kom ein ny utviklingsperiode med tilflytting frå utkantane i bygda, særleg frå Sandsvika. Folketalet auka frå 367 i 1920 til 708 i 1950.[4]

I 1936 fekk Gryllefjord elektrisk kraft, noko som førte til at fiskebruka blei moderniserte og nye tiltak blei sette i verk. Det viktigaste tiltaket var Gryllefjord Fryseri og Kjøleanlegg som blei oppført i åra etter krigen. Det har skaffa trygg avsetjing for fangst av alle slag, og sysselsett ledig arbeidskraft i været. Gryllefjord fekk dampskipsanløp i 1895, skulehus i 1898, telefonstasjon i 1900 og vegsamband med naboværet Torsken i 1952.[5]

Gryllefjord Fryseri & Kjøleanlegg er det viktigaste føretaket på staden i dag. Føretaket har omstilt seg frå å drive produksjon av frosenfilet og saltfisk for klippfisktørking i Portugal, til å drive produksjon av ferskfilet og større mengder med produkt av saltfisk. Gryllefjord Fryseri AS er ein del av Nergårdkonsernet, og har også ansvaret for kvitfiskproduksjonen til Nergårdkonsernet på Senja.

Tom Waits-festival blei arrangert på staden første gong i 2009. Same festival blei arrangert i 2010, med mellom andre artisten Rita Eriksen. I august 2010 blei Senjafestivalen for første gong arrangert i Gryllefjord. Det blei en stor suksess med mellom anna utstillng av verk av kunstnarar som høyrer til Gryllefjord; Per Kleiva, Olav Christoffer Jensen og Anne-Mari Karlsen.

Utviklinga i folketalet dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

2000 2005 2009 2011 2015
511 441 379 390 370

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
  2. Berg og Torsken Bygdebok, Bind I s. 298
  3. Berg og Torsken Bygdebok, Bind I s. 301
  4. Berg og Torsken Bygdebok, Bind I s. 303
  5. Berg og Torsken Bygdebok, Bind I s. 304

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]