Grytten kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grytten kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Stad Veblungsnes
Lengd 225 m2 m
Type Åttekantkyrkje
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1829
Tårn Klokketårnet er av treverk og har to kyrkjeklokker.
Skip Åttekanta, eitskipa hallkyrkje
Kyrkjegard ligg ved kyrkja
Preikestol Frå 1829
Altartavle Altarklede frå 1733
Sitjeplassar 250
Diverse Eit krusifiks frå slutten av 1200-talet
Kart
Grytten kyrkje
62°33′10″N 7°40′24″E / 62.5528°N 7.6732°E / 62.5528; 7.6732
Wikimedia Commons: Grytten kirke

Grytten kyrkje ligg i bygda Veblungsnes i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd i 1829 av treverk. Den er ei av fleire åttekanta kyrkjer i landet. Førebiletet har vore Sør-Fron kyrkje i Gudbrandsdalen. Sør-Fron kyrkje er ei stor steinkyrkje, bygd som ein åttekant utstrekt i breidda. Grytten kyrkje er enklare enn Sør-Fron kyrkje, og har eit grunnplan som ein likesida åttekant.

Grytten kyrkje i 1869.

Kyrkja vart bygd av restane av ei korskyrkje frå omkring 1730.[1]

Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eine vart send til omstøyping i Nederland i 1751, den andre kyrkjeklokka er eldre.

Grytten var og namn på den tidlegare kommunen før Rauma kommune vart danna.

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja frå 1730 sto opphavleg mellom den gamle prestegarden på Grytina og Brønnsletta nedst i Isterdalen. Denne kyrkja måtte rivast fordi den var trua av å bli nedgravd i sand. Flygesand var eit stort problem langs nedre del av elva Rauma og halvparten av prestegarden på Grytten var gjort om til sandørken. I 1824 var det på den austre sida av kyrkja ein sandbanke på «9 alens høide» og på nordre side ein banke på høgde med fundamentet for tårnet; størsteparten av kyrkjegarden var dekt av sand og kyrkjebygget var svært skada av sand som trengte inn..[1] J.F.L. Dreiers bilete «Udsigten ved Grytten i Romsdalen» frå 1826 viser den gamle korskyrkja med «de merkværdige Fielde» Bispen, Kongen og Dronninga i bakgrunnen.[2] Før korskyrkja skal det ha vore 2 tidlegare kyrkjebygg, mellom anna ei stavkyrkje frå katolsk tid og deretter ei kyrkje innvia i 1651 (rasa saman i 1728).[1] «Gryttinar kirkja» var Grytten hovudkyrkjes gamle namn, og blir nemnt i Aslak Bolts jordebok (1432) og i Trondhjems reformats 1589.

Grytten kyrkje er synleg på Johan Fredrik Eckersbergs måleri frå 1865

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Inne i kyrkja
Preikestolen over alteret, inspirert av Sør-Fron kyrkje

Kyrkja har preikestolaltar. Dette er òg bygd med Sør-Fron kyrkje som forbilde, men er noka enklare. Ein del element er slavisk kopiert. Der Sør-Fron kyrkje over altertavla har sett inn to voluttkonsoll frå den gamle preikestolen har Grytten kyrkje fått nylaga slike konsoll ved bygginga. Sør-Fron kyrkje har øvst på altarveggen ein oval strålekrans der Guds namn på hebraisk - Jahve - er skrive inn. Dei som bygde Grytten kyrkje må ha misoppfatta dette til å vere eit årstal, for i Grytten kyrkje er det byggeåret for kyrkja som er omgitt av guddommelege strålar.

På galleriet heng eit krusifiks som truleg er frå slutten av 1200-talet.

Vegkyrkje[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er ope som vegkyrkje om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
  • Grytten menighetsråd. 2004. "Grytten Kirke 175 år"
  1. 1,0 1,1 1,2 Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug
  2. JFL Dreiers bilete på DigitaltMuseum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]