Grytviken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°16′53″ S 36°30′29″ W
Grytviken
kvalstasjon
none  Hamna i Grytviken i kring 1914
Hamna i Grytviken i kring 1914
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°16′53″ S 36°30′29″ W
Grytviken is located in Antarktis
Grytviken (Antarktis)

Grytviken er ein tettstad på øya Sør-Georgia, eller på engelsk South Georgia. Tettstaden fekk namnet sitt etter grytene som vart nytta for å utvinna selolje. Grytviken er den einaste busetnaden på Sør-Georgia sør i Atlanterhavet. Tettstaden ligg ved den beste hamna på øya. Øya vert administert av ein britisk guvernør på Falklandsøyane som ein del av Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.

Thatcher Peninsula med King Edward Cove i Grytviken
Kyrkja i Grytviken.
Grytviken museum.

Busetnaden kom til frå 1904. Den norske kapteinen Carl Anton Larsen oppretta då ein kvalfangststasjon. Til opprettinga fekk han finansiell stønad frå Compania Argentina de Pesca, eit firma i Argentina. Satsinga vart ein suksess, med 195 kvalar fanga berre den fyrste sesongen. Fangsten førde med seg at kvalstamma i området minka gradvis. Fangststasjonen vart nedlagd i 1966. Det var då så få kvalar i området at det ikkje var råd å halda fram fangsten. Grytviken er enno i dag full av kvalbein og rustande restar av fangstskip og kvaloljefabrikkar. Dei britiske styresmaktene har på starten av 2000-talet gjort ein innsats for å rydda opp i miljøfarleg avfall. Mellom anna var det mykje asbest brukt som byggjemateriale og rustande oljetankar med olje i.

Kyrkja i Grytviken er verdt å sjå, den såkalla Whalers Church eller kvalfangarkyrkja. Kyrkja kom frå Noreg som eit byggjesett, og vart innvigd jula 1913.

Grytviken er ein populær stad å segla innom for cruiseskip som vitjar Antarktis. Turistane går vanlegvis i land for å vitja polfararen Ernest Shackleton si grav på kyrkjegarden. Shackleton fekk i 1916 hjelp i høve ein polarekspedisjon som stranda på øya Elephant Island. Etter at Shackleton døydde på ein annan ekspedisjon vart han gravlagd på kyrkjegarden i Grytviken.

I ein del av den tidlegare kvalstasjonen er det eit lite museum. Dei to som driv museet er dei einaste som bur fast på øya. På 1990-talet vart det gjort ei registrering av kulturminne i Grytviken. Folk frå den norske Riksantikvaren var med på registreringa.

Det finst ein britisk forskingsstasjon i nærleiken, på King Edward Point. Forskingsstasjonen vert driven av British Antarctic Survey. Stasjonen har i tillegg til forskinga ein politisk funksjon med å oppretthalda britisk styre i området. Argentina gjer krav på området. I løpet av Falklandskrigen gjekk argentinske styrkar i land i Grytviken i april 1982. Britiske styrkar tok att Grytviken tre veker seinare utan skotveksling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grytviken

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørn L. Basberg, Dag Nævestad og Gustav Rossnes: Industrial archaeology at South Georgia: methods and results Polar record 32(1996) nr 180
  • Bjørn L. Basberg og Gustav Rossnes: Dokumentasjon av hvalfangststasjonen Grytviken Syd Georgia. En rapport fra prosjektet Hvalfangstminneregistrering på Syd Georgia, Norwegian Antarctic Research Expedition 1992/93. Trondheim Norwegian Antarctic Research Expedition, c1993.