Guadalhorce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guadalhorce
Munningen til Guadalhorce i Malaga
Munningen til Guadalhorce i Malaga
Utspring Sierra de Alhama
Munning Middelhavet
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 166 km
Middelvassføring 8 m³/s

Guadalhorce er den viktigaste elva i provinsen Malaga i Spania. Ho spring ut i Sierra de Alhama i provinsen Granada. Elva drenerer Antequera-senkinga og munnar ut i Middelhavet vest for byen Málaga. Ho er 166 km lang og renn gjennom sørlege område av Andalusia. Guadalhorce er den vassrikaste elva langs Costa del Sol etter Guadiaro. Ho dannar ei kløft i El Chorro med ei lengd på 7 km, før ho renn gjennom Hoya de Málaga. Guadalhorce renn gjennom byane Villanueva del Trabuco,Villanueva del Rosario, Archidona, Antequera,Alhaurín el Grande, Alhaurín de la Torre, Almogía, Álora, Cártama, Coín, Pizarra og Valle de Abdalajís. Kort tid før ho når sjøen, forgreinar ho seg. Ein del av elva vert nytta til drikkevatn og vasskraft for byen Málaga. Nær munningen ligg ruinane av den fønikiske busetnaden Cerro del Villar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

I miosentida var elvedalen ein del av sundet som knytte Middelhavet til Atlanterhavet gjennom Bética-senkinga (i dag dalen Guadalquivir).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guadalhorce

Kjelder[endre | endre wikiteksten]