Guanako

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guanako

Status i verda: LC Livskraftig

Ein guanako i Chile.
Ein guanako i Chile.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Camelidæ
Slekt: Lama
Vitskapleg namn
Lama guanicoe

Guanako (Lama guanicoe) er eit partåa klauvdyr i kamelfamilien. Guanakoen er i slekt med vikunjaen og lamaen. Ein reknar med at den tamme lamaen stammar frå den ville guanakoen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Guanakoen har raudbrun, tjukk pels med ljosare mageparti. Dyra blir cirka 2 meter lange og har ei skulderhøgd på 1,1 m; hannane blir noko større enn hoene. Eit vakse dyr veg mellom 100-120 kg. Guanakoane lever saman i flokkar på rundt tjue dyr med éin leiarhann.

Guanakoen treng svært lite vatn og lever i turre grasområde i Sør-Amerika, heilt opp til 4000 m.o.h. Leveområdet strekkjer seg frå dei sørlege Andesfjella i Peru heilt ned til øygruppa Eldlandet på sørspissen av kontinentet. Dei fleste finst i dag i argentinsk Patagonia.

Tidlegare har det vorte drive mykje jakt på guanakoen på grunn av skinnet og kjøtet. Dei har også fått sterkt avgrensa leveområde på grunn av aukande beiteområde for storfe, men er i dag verna av fleire nasjonalparkar i Sør-Amerika, t.d. Alberto de Agostini nasjonalpark og Torres del Paine nasjonalpark, begge i Chile.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]