Guangdong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guangdong i Kina.

Guangdong (kinesisk skrift 廣東, pinyin 廣東省 Guǎngdōng) er ein provins sør i Folkerepublikken Kina. Namnet tyder «vidare aust», og stammar frå den tida då Guangdong var skilt frå kinesarane, og enno var eit vidt, ubefolka landområde. Provinsen dekker ei flatevidd på 187 800 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 96,38 millionar. Guangdong grensar mot provinsane Fujian, Hainan, Hunan, Jiangxi, og den autonome regionen Guangxi, samt dei særleg administrerte regionane Hong Kong og Macao. Guangzhou er hovudstad i provinsen. Andre større byar er Shantou, Shenzhen, Zhanjiang og Zhuhai.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Guangdong ligg på kysten mot Sørkinahavet, og har ei 4 300 km lang kystline. I sørvest ligg halvøya Leizhou, sør for spissen av halvøya finn ein øyprovinsen Hainan.

Landområda sør i provinsen er delt i to av Perleelva (Zhu Jiang). Sjølv om elva er einast 177 km lang, er ho ein av dei viktigaste vassvegane i Kina. Vassvegen tek til på deltaet til Perleelva, der ho møter tre store elvar. Det er den 2 197 km lange Vestelva, lenger oppe møter ho Nordelva (468 km), og sør for Guangzhou renn Austelva (523 km) ut i Perleelva. Den store elvesletta, der Perleelva munnar ut i havet, er eit viktig landbruksområde og i har i dei siste 20 åra vore brennpunktet for den økonomiske boomen i provinsen.

Ein halvdel av provinsen består av fjell og platå. Nan Ling og andre fjellkjeder i nord skil Sør-Kina frå det sentrale Kina. Høgste punktet i provinsen er Shikengkong på grensa til Hunan med sine 1 902 meter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Guangdong har eit fuktig subtropisk klima, heilt i sør har ein nærast tropisk klima. Vintrane er korte, milde, og relativt tørre, medan somrane er lange, heite, og svært våte. Dagstemperaturane i Guangzhou er i januar gjennomsnittleg 18 °C, i juli 33°. Den store luftfuktigheita gjer at det om sommaren kjennest mykje heitare enn det termometeret viser. Frost er sjeldan på kysten, men kan i innlandet skje nokre få dagar kvar vinter.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Guangdong vart i 2009 rekna til 96,38 millionar. Provinsen har dei siste tjue åra hatt stor innvandring av arbeidssøkarar. Medrekna dei arbeidarane frå andre provinsar som bur i Guangdong, reknar ein at minst 110 millionar menneske lever i provinsen til ei kvar tid.[1]

98,6 % av innbyggarane i provinsen er registrert som han-kinesarar. Den største undergruppa av han-kinesarar er kantonesarar, andre slike er teochew i Chaoshan og hakkaer i Meizhou. I nord finst ei lita gruppe av yaofolk. Andre etniske minoritetsgrupper er shefolk, miao, likinesarar, og zhuangfolk.

Dei fleste kinesarane som i det 19. og tidlege 20. hundreåret utvandra til andre land i Asia og til Nord-Amerika, kom frå Guangdong.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Guangdong er delt i 21 einingar på prefekturnivå (to subprovinsielle byar og 19 byprefektur).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
Guangdong prfc map.png
Subprovinsielle byar
9 Guangzhou 廣州市 Guǎngzhōu Shì Yuexiu
21 Shenzhen 深圳市 Shēnzhèn Shì Futian
Byprefektur
1 Qingyuan 清遠市 Qīngyuǎn Shì Qingcheng
2 Shaoguan 韶關市 Sháoguān Shì Zhenjiang
3 Heyuan 河源市 Héyuán Shì Yuancheng
4 Meizhou 梅州市 Méizhōu Shì Meijiang
5 Chaozhou 潮州市 Cháozhōu Shì Fengxi
6 Zhaoqing 肇慶市 Zhàoqìng Shì Duanzhou
7 Yunfu 雲浮市 Yúnfú Shì Yuncheng
8 Foshan 佛山市 Fóshān Shì Chancheng
10 Dongguan 東莞市 Dōngguǎn Shì Dongguan
11 Huizhou 惠州市 Hùizhōu Shì Huicheng
12 Shanwei 汕尾市 Shànwěi Shì Chengqu
13 Jieyang 揭陽市 Jiēyáng Shì Rongcheng
14 Shantou 汕頭市 Shàntóu Shì Jinping
15 Zhanjiang 湛江市 Zhànjiāng Shì Chikan
16 Maoming 茂名市 Màomíng Shì Maonan
17 Yangjiang 陽江市 Yángjiāng Shì Jiangcheng
18 Jiangmen 江門市 Jiāngmén Shì Pengjiang
19 Zhongshan 中山市 Zhōngshān Shì Zhongshan
20 Zhuhai 珠海市 Zhūhǎi Shì Xiangzhou

Dei 21 einingane på prefekturnivå er delt i 121 einingar på fylkesnivå (55 distrikt, 23 byfylke, 41 fylke og 3 autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i til saman 1 585 einingar på kommunenivå (1 145 bykommunar, 4 landkommunar, 7 etniske landkommunar og 429 subdistrikt).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Guangdong er Kinas rikaste provins, og har det høgste bruttonasjonalprodukt av alle provinsane. Ca 12 % av den totale, nasjonale økonomien vert generert i Guangdong. Saman med Shanghai er provinsen leiande i Kinas økonomiske utvikling. Lønnsveksten har byrja stige fyrst dei seinare åra, stor tilstrøyming av arbeidsinnvandrarar frå naboprovinsar er ein vesentleg grunn til at lønnskostnadene har kunne haldast nede. Internt er det store skilnader i økonomien, fjellområda i dei indre delane av Guangdong er like fattige som andre fattige område i Kina. Områda rundt deltaområdet til Perleelva er dei mest utvikla.

Deng Xiaopings open dør-politikk endra radikalt økonomien i provinsen, ettersom ein drog nytte av tilgangen til havet og sjøfarten. Dessutan hadde ein fordel av den geografiske nærleiken til Hong Kong og av dei historiske banda til utanlandskinesarar i mange ulike land.

Sidan omkring 1990 har det vore ein kolossal vekst i eksportorientert, arbeidsintensiv industriproduksjon. Elektriske og elektroniske hushaldningsapparat, kontorutstyr, tekstilar, kjemikaliar, medisinar og matvarer er mellom dei vareslag det vert produsert store mengder av. Attåt hovudstaden Guangzhou har det vakse fram store industrisenter i Dongguan, Jiangmen, Nanhai, Shantou, Shunde, Zhongshan og Zhuhai.

Tungindustrien omfattar nokre mindre stål- og jarnverk i hovudstaden Guangzhou og i Shaoguan i nord. I den vestlege delen av provinsen er Zhanjiang og Maoming dei industrielle sentra med petroleumsraffineri, tekstilproduksjon, papirindustri og bearbeiding av mat- og drikkevarer.

Mineralreservane av jarnmalm er mellom dei største i Kina. Det elektriske energibehovet vert dekt av vasskraft, varmekraft og kjernekraft og gjennom importert kraft.

Landbruket spelar økonomisk ei mindre rolle i Guangdong enn i andre provinsar. Viktigaste jordbrukslandet finst i deltaområdet, Chaoshan-området og på kystslettene. Risproduksjonen dekker knapt behovet til provinsen, elles er grønsaker og søtpoteter viktige landsbruksvarer. Guangdong er den største produsenten av sukkerrøyr i Kina, avlingane kjem frå deltaområda og kystområda. Bananar og appelsinar er viktigaste fruktslaga, i mindre grad ananas og kinaplommer. Avl av silkeorm er ganske omfattande, ofte i samband med produksjon av morbær og oppdrett av fisk. Andre salsprodukt er gummi, kokosnøtter, jordnøtter, sisalhamp og pepar. Husdyra er fremst svin, storfe og fjørfe. Fiskefangstane er dei største i Kina, der over 40 % er ferskvassfisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein tigernøkkel frå det 2. hundreåret fvt.
Whampoa-pagoden i Guangzhou stod ferdig i 1600. Foto frå 1880
Edward Duncan:Sprenging av krigs-djunker, 1843
Sementfabrikk i Kanton (Guangzhou), 1909

Guangdong var i tidleg historisk tid busett av eit folk kjent som baiyue. Det kan ha vore tai-kadai og såleis i slekt med zhuangfolk i dagens Guangxi.

Kinesisk styringsmakt over området tok til under Qin-dynastiet. Han-dynastiet rådde over ein provins som vart kalla Jianzhou, han omfatta dagens Guangdong, Guangxi og Nord-Vietnam. Under kongeriket Wu var Guangdong frå 226 ein eigen provins, kalla for Guang.

Fleire store innvandringsbølgjer frå nord endra samansetninga mellom dei etniske folkegruppene. Mange han-kinesarar innvandra til Guangdong i periodar då nomadar angreip Han-dynastiet frå nord, og elles i tider med stor politisk uro i keisarriket. Interne stridar i det nordlege Kina etter An Lushan-opprøret førte til at folketalet i prefekturet Guangzhou auka med 75% i tida mellom 740-750-talet og 800-810-åra. Dei lokale folkegruppene kom etterkvart i mindretal og vart gradvis assimilert til hankinesisk kultur, eller dei vart fordrivne. Saman med Guangxi vart Guangdong i 627 under Tang-dynastiet ein del av eit eige rettsområde, kalla Lingnan.

På 1200-talet dreiv mongolske herskarar på med å erobre Kina. Det sørlege Song-dynastiet sitt maktfelt vart flytta sørover, og enda til sist opp i dagens Guangdong. Slaget ved Yamen i 1279 i Guangdong markerte slutten på det sørlege Song-dynastiet. Under det mongolske Yuan-dynastiet høyrde store delar av dagens Guangdong til Jiangxi-provinsen. Sitt noverande namn fekk provinsen i byrjinga av Ming-dynastiet.

Sidan 1500-talet har Guangdong hatt omfattande handelssamband med resten av verda. Europeiske handelsmenn kom nordover gjennom Malakkasundet og over Sørkinahavet, særleg portugisiske og britiske, og handla i stor utstrekning gjennom Guangzhou. Frå 1557 var Macao, på sørkysten av Guangdong, den første europeiske busettinga.

på 1800-talet utløyste opiumhandel gjennom Guangzhou dei såkalla opiumskrigane. Utanlandske statar angreip Kina og tok kontroll over hamnebyar, og tvinga landet til å opne seg for utanlandske handelsinteresser. I tillegg til den portugisiske kolonien Macao vart Hong Kong avstått til Storbritannia og Kwang-Chou-Wan til Frankrike. Alle desse koloniane låg på kysten av Guangdong. På 1800-talet utvandra elles store mengder arbeidarar frå Guangdong til Søraust-Asia og til USA og Canada.

Taipingopprøret, som braut ut i 1850, leidde til ein borgarkrig som kom til å omfatte mesteparten av det sørlege Kina. Med si direkte kontakt med vestlege førestillingar, vart Guangdong sentrum for anti-mandsjuisk og anti-imperialistisk aktivitet. Opprøsleiaren Hong Xiuquan var elles fødd i Guangdong.

Tidleg på 1920-talet var Guangdong oppmarsjområde for Kuomintang sine styrkar i førebuinga til Nordekspedisjonen. Denne hæren, og krigane som følgde, bringa dei ulike krigsherrane i Kina tilbake under sentralregjeringa.

I dei siste tiåra har provinsen hatt svært snøgg økonomisk vekst, delvis framhjelpt av sitt nære handelssamkvem med Hong Kong. Guangdong er på 2000-talet den provinsen i Kina med høgst bruttonasjonalprodukt.

Øya Hainan var fram til 1988 ein del av Guangdong. Ho vart då skilt ut som eigen provins.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]