Guangxi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guangxi [1] er ein autonom region i Folkerepublikken Kina. Før 1949 var den ein provins.
I det meste av historia si hadde Guangxi inga kystlinje. I 1952 vart ein liten del av den vestlegaste kystlinja til Guangdong gjeven til Guangxi, som slik fekk tilgjenge til havet. Dette vart gjort om i 1955, men så justert tilbake på nytt i 1965.
Innhaldsliste |
[endre] Befolkning
Guangxi er heim til menneske frå 12 av dei nasjonalgruppene som er anerkjende av Folkerepublikken Kina som eigne folk. Regionen er eit særleg viktig område for zhuangfolket. Forutan dei har regionen folkegruppene han, yao, miao, dong, mulam, maonan, hui, gin, yifolk, sui og gelao. Det er og vesentleg mindre grupper frå 25 andre folkegrupper.
[endre] Administrative einingar
Guangxi er inndelt i 14 byprefekturer:
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 广西, 廣 西, pinyin: Guǎngxī, også transkribert Kuang-hsi eller Kwangsi, fullt namn Den autonome regionen Guangxi Zhuang (广西壮族自治区, 廣西壯族自治區, Guǎngxī Zhuàngzú Zìzhìqū
- Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2009.