Guangyuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guangyuan (gul) i Sichuan

Guangyuan (forenkla kinesisk: 广元; tradisjonell kinesisk: 廣元; pinyin: Guǎngyuán) er eit byprefektur nordaust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot provinsen Shaanxi i nord. Byprefekturet har eit areal på 16 314 km² og 2 484 123 innbyggjarar (2010).

Byprefekturet Guangyuan omfattar tre distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Baoji-Chengdu-jarnbanen strekker seg gjennom Guangyuan. Jarnvegen knyter Baoji i naboprovinsen Shaanxi til Chengdu i Sichuan.

Kinas riksveg 212 går gjennom området. Vegen tek til i Lanzhou i Gansu og går sørover via Nanchong i Sichuan og endar i Chongqing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]