Guayanaskjoldet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guayanaskjoldet (spansk el Escudo Guayanés) er eit to milliardar år gammalt prekambrisk grunnfjellsskjold i nordaustre Sør-Amerika som strekkjer seg frå Colombia i vest til nordre Brasil i aust, eit av dei eldste på jorda.
Høglandet i Guyanas dekkjer det meste av Guyana, Surinam og Fransk Guyana samt delar av Colombia, Venezuela og Brasil.
På skjoldet finst platåfjell (tepuis). Det høgste er Roraima, 2 810 moh. Dessutan finst fjellet Pico da Neblina heilt i utkanten på 2 994 moh. Her finst fleire spektakulære fossar som Angelfossen (980 meter), Kukenanfossen (600 m) og Keiateurfossen (250 m). Høglandet er dekt av dei største urørte regnskogsområda i verda og vert skydd av fleire store nasjonalparkar.