Guayaquil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malecón langs Guayaselva i Guayaquil.
Foto: Martin Zeise

Santiago de Guayaquil, eller berre Guayaquil, er den folkerikaste byen i Ecuador, finanssenteret, senter for fiskeri og foredlingsindustri og viktigaste hamnebyen i landet. Byen ligg ved vestsida av Guayaselva, der ho renn ned i Guayaquilbukta i Stillehavet. Guayaquil ligg på 2.21°S 79.90°W, kring 250 km sørsørvest for hovudstaden i Ecuador, Quito. Etter siste folketeljing i 2001 var folkesetnaden 1 985 379.

Guayaquil er òg hovudstad i den ecuadorianske provinsen Guayas, sete for eit cantón med same namn og sete for eit katolsk erkebispedømme med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk minnesmerke over møtet mellom Simón Bolívar og José de San Martín.
Foto: Martin Zeise

Før spanjolane kom til Ecuador budde det innfødde i ein landsby der Guayaquil ligg. Det er usemje både om dato og årstal for skipinga og om kven som «skipa» den nye koloniserte Muy Noble y Muy Leal Ciudad de Santiago de Guayaquil. I vår tid feirar byen etableringa av byen den 25. juli. Årstalet for skipinga kan vere frå 1535 til 1538, byen kan ha vore teken tilbake av indianarar før han til sist vart grunnlagt som ein spansk koloniby i Quitoprovinsen. Folkesetnaden voks frå ca. 2000 menneske i år 1600 til over 10 000 i 1700. I 1687 kom meir enn 260 engelske og franske piratar, plyndra Guayaquil, og Quito måtte betale løysepengar for å frigjere gislar og for å kome ut av trugsmålet frå piratane om å brenne Guayaquil. Eit nytt overfall kom i 1709, men denne gongen flykta dei engelske piratane frå gulfeber utan å ta med seg hærfang.

Den 19. oktober 1820 erklærte Guayaquil sjølvstende frå Spania. Utan å spille mykje blod tok ei gruppe sivilistar leidd av José Joaquín de Olmedo kontroll over byen. Dei overmanna motstanden frå rojalistiske styrkar og arresterte dei spanske autoritetspersonane. Kuppet skjedde med stønad frå soldatar frå Granaderos de Reserva, ein peruansk bataljon innkvartert i Guayaquil.

Den 26. juli 1822 heldt José de San Martín og Simón Bolívar ein berømt konferanse i Guayaquil for å planlegge søramerikansk sjølvstende frå Spania.

Flyfota av Guayaquil frå 2010.
Foto: Sascha Grabow

Guayaquil vart ramma av ein brann i 1896 som øydela store delar av byen.

Guayaquil i nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Borgarmeisteren i Guayaquil var i 2005 Jaime Nebot. Han er ein kjent medlem av det ecuadorianske politiske partiet Partido Social Cristiano, og var ein av rivalane åt den tidlegare ecuadorianske presidenten Abdalá Bucaram.

Eit kontor for Den ecuadorianske sentralbanken (Banco Central del Ecuador or BCE) i Guayaquil.
Foto: Martin Zeise
Museum for antropologi og samtidskunst (MAAC), ved hamnepromenaden mot Gyayaelva.
Foto: Martin Zeise

Byen har store slumområde med fattigdomsproblem i form av mangel på offentlege helsetenester og skoletilbod, infrastruktur for vatn, avlaup og elektrisitet. På slutten av 1990-talet starta Nebot eit byggeprosjekt i byen for å gjere han meir tiltrekkjande for turistar. Eit av prosjekta vart kalla Malecón 2000, ein renovasjon av hamnepromenaden langs Guayaselva i år 2000. Eit anna prosjekt er opprettinga av Nuevo Parque Histórico, ein park i eit nytt bustadutviklingsområde som er kalla Entre Ríos fordi han ligg mellom dei to elvene Guayas og Daule i eit mangrove våtmarksområde. Parken kosta byen omkring sju millionar dollar. Parken er ein fristad for dyreliv og eit område for å ta vare på historisk arkitektur. Han har også eit utstillingsområde for tradisjon og historie. Det var den ecuadorianske sentralbanken som kom fram til idéen i 1982 som ein del av deira program for berging av arkitekturen.

Dei fleste bygg i sentrum av Guayaquil har ein mykje nyttig og attraktiv eigenskap - soportales, kolonnar av arkadar som gjev fotgjengarar vern imot det ecuadorianske solskinet og mot skybrot.

Flyplassen i byen har namn etter frigjeringsleiaren Simón Bolívar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Mykje av romanen Galapagos av Kurt Vonnegut går føre seg i Guayaquil. Romanen inneheld ein viktig faktafeil: Vonnegut påstår at Guayaquil er fullstendig romersk-katolsk. Eigentleg er folkesetnaden i byen først og fremst katolsk, men òg heimstad for mange trusretningar og religionar. Katedralen San Pedro er moderkyrkja for katolisismen i bispedømmet. Det finst også evangeliske kyrkje, ei anglikansk, eit mormonartempel og ein jødisk synagoge.

er kyrkja forsitt bispesete. Andre trusretningar er representerte med andre bygg, ofte i samband med misjonsverksemd.

Kjente personar frå Guayaquil[endre | endre wikiteksten]

Kjente personar frå byen er mellom andre målarane Enrique Tábara, Félix Arauz, Juan Villafuerte, Luis Molinari og Theo Constanté; poeten José Joaquín de Olmedo, den lærde Benjamín Urrutia og tennisspelaren Pancho Segura.

Mange av dei store ecuadorianske kunstnarane har ei tilknyting til Guayaguil. Somme av dei er: Oswaldo Guayasamín (f. 1919- d. 1999, Quito), Eduardo Kingman (f. 1913; d. 1998, Quito), Félix Arauz (f. 1935, Guayaquil), Aníbal Villacís (f. 1927, Ambato), Camilo Egas, Humberto Moré og Manuel Rendon Seminario (f. Paris, 1894 - d.Portugal, 1982).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guayaquil

Kjelder[endre | endre wikiteksten]