Guayaquilbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Guayaquilbukta er ei v-forma havbukt inn mot vestkysten av Sør-Amerika frå Stillehavet. Bukta har namn etter byen Guayaquil. I nord er bukta avgrensa av Santa Elena-halvøya i Ecuador, i sør er bukta avgrensa av vestkysten av provinsane Los Rios og El Oro i Ecuador, og nordvestkysten av Tumbes-regionen i Peru.

Fleire elver renn ut i Guayaquilbukta, mellom anna Guayaselva og Dauleelva begge inst ved Guayaquil. Lengre sør finn vi grenseelva Zarumilla og Tumbeselva i Peru. Isla Puná er ei øy i bukta. Både Isla Puná, mindre øyer i bukta og landområda som grensar mot Guayaquilbukta er lågtliggande, og her finst areal med våtmarksområde og strekningar med mangroveskog.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]