Gubbio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Gubbio
Solnedgong over det romerske teatret i Gubbio

Gubbio er ein by og ein kommune i provinsen Perugia i regionen Umbria i Italia. Kommunen har vel 32 000 ibuarar og dekker eit areal på 525 km², noko som gjer at han er den vidaste kommunen i Umbria og ein av dei sju med størst flatevidd i heile Italia. Byen ligg 522 meter over havet, ved foten av Apenninane, om lag 35 kilometer nordvest for provinshovudstaden Perugia.

Byen Gubbio voks fram i førromersk tid, og var ein viktig by under romarriket. Ruinane av eit amfiteater bygt i det siste hundreåret før vår tidsrekning viser at byen hadde økonomisk kraft og politisk makt i samtida. Frå 1000-talet var byen ein eigen fyrstestat, og hadde si stodomstid fram mot 1300-1400-talet. I tida frå 1631 til Italia vart samla i 1860 låg Gubbio under Vatikan-staten.

Ei segn knyter Frans av Assisi til Gubbio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]