Gud Fader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Gud
Kristendommen
Icthys-symbolet
Treeininga

Gud Fader | Jesus | Den heilage ande |

Gud som far måla av Fra Bartolomeo i 1509.

Faderen, eller Gud Fader, er i dei dominerande retningane innanfor kristen teologi nemninga på eitt av medlemmene av den heilage treeininga. For alle kristne er det eit namn på Gud.

Idéen om Gud som far har ei særskild stilling i kristendommen. I tillegg til å vera den som skapte verda og alle menneskja, er han òg far til Jesus Kristus, som sjølv ofte omtalte han som far. I Evangeliet etter Matteus 11:27 seier Jesus: «Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.» I dei dominerande retningane innan kristendommen blir dette tolka som at farskapen er ein del av Guds natur. Farstilhøvet blei styrkt gjennom bøna Jesus lærte disiplane, Fader vår, der ein vender seg til Gud først og fremst som ein farsskikkelse.

Omgrepet Gud Fader eller berre Fader har vore tabuord i Noreg og blir derfor mykje brukte innan norsk banning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]