Gudbrand Anderssen Sveås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudbrand Anderssen Sveås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juni 1821
Modum kommune
Død

13. januar 1899 (77 år)
Modum kommune

Yrke politikar, bonde
Språk norsk

Gudbrand Anderssen Sveås (27. juni 182113. januar 1899) var ein norsk gardbrukar frå Modum i Buskerud.

Sveås var son av ein gardbrukar i Modum. Han kjøpte garden Nadtvedt i heimbygda, og dreiv denne sidan. I mange år var han medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Elles var han med i forlikskommisjonen og han var sparebankdirektør.

Sveåas var 4. representant frå Buskeruds amtStortinget 1874-76. I 1874 var han medlem av næringskomite nr 1, 1875-76 av vegkomiteen.

Han døydde ugift på garden sin i Modum i 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]