Gudbrand Skjellerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudbrand Skjellerud
Fødd1819
Død1901 (82 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Gudbrand Skjellerud (18191901) var ein kjend norsk spelemann frå Nes i Hallingdal, ein av dei mest framtredande i søre Hallingdal på 1800-talet. Han lærte mellom andre opp Tor Grimsgard.

Skjelleruden stod i tradisjonen etter Harald Langåker, og førte vidare ein av dei eldste tradisjonslinene i Hallingdal. Han påverka òg spelet i Krødsherad gjennom møtet med Gamle-Kleven, og har gjeve namn til ein lausslått og ein springar som var nytta i Krødsherad i seinare år.

Gudbrand Skjellerud var og ein av dei første hallingane som reiste på lengre spelferder. Springaren Jarand Skinnarland finst difor i ei form etter han i Tinn. Han lærte bort slåtten til Knut Dale, og var og slåttekar ei tid hjå Gamle Hans Fykerud. Slik var han ein tidleg berar av tradisjonsstoff frå Telemark til Hallingdal.

Skjellerud flytte elles tidleg frå Hallingdal og budde mange år i Nore. Derifrå reiste han til Amerika, der han levde siste åra sine.