Guden Neptun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romersk mosaikk av Neptun i Tunis.
Foto: Tony Hisgett

Neptun var havguden i romersk mytologi. Han var motstykket til den greske guden Poseidon.

Planeten Neptun er kalla opp etter guden.

I kunst frå antikken og seinare, og som allegorisk figur, blir Neptun ofte avbilda som ein eldre mann med skjegg og luftige klede; i éi hand held han ein trefork og i den andre handa held han ofte taumane til sjøhestar som dreg ei skjelforma vogn gjennom brusande vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guden Neptun
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.