Guden Vulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vulkan, Rubens sin hardtarbeidande smedgud.

Vulkan (latin Vulcanus), òg kjent som Mulciber, var den romerske guden for smedar og godarta (nyttig) bruk av eld. Han var òg guden for vulkanar i den romerske seinheidendommen i oldtida. Han er kjent som Sethlans i etruskisk mytologi og Hefaistos i gresk mytologi. Han vart dyrka ved ein årleg festival kjent som Volcanalia den 23. august. Vulkan høyrer til den eldste tida i romersk religion: Varro siterer Annales Maximi der han minnest at kong Titus Tatius hadde tilskriven eigne alter for ei rekkje guddomar, blant dei òg Vulkan. [1]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Vulkan kledd i exomis (tunika) og pilos (spiss hatt), romersk bronsjestatue, 100-talet e.Kr.
Andrea Mantegna: Parnas, Vulkan, som eldgud

Opphavet til namnet er både uklart og lenge diskutert. Den romerske tradisjonen har hevda at det var nærskyldt med latinske ord som var knytt til lyn (fulgur, fulgere, fulmen), som igjen var anteke å vere nærskyldt med eld. [2] Denne tolkinga vart støtta av Walter William Skeat i hans etymologiske ordbok i tydinga «lustre».[3]

Det har vorte forslått at Vulkan faktisk ikkje er latinsk, men nærskyldt med den kretiske guden Velchanos, ein gud for naturen og underverda. [4] Wolfgang Meidd har endå avvist denne identifiseringa.[5] Det har sidan kome fleire fantasifulle forslag utan at det har gjeve større semje: Christian Guyonvarc'h har foreslått ein identifisering med det irske namnet Olcan. Vassilij Abaev har samanlikna med ossetisk -waergon, ein variant av namnet Kurdalaegon, smeden i Nartsagnene, eposet som har opphavet sitt i Nord-Kaukasus, men Georges Dumézil fann dette sambandet urimeleg. [6]

Dyrkinga av Vulkan[endre | endre wikiteksten]

Vulkan sin eldste heilagdom i Roma, Volcanal, låg ved foten av Kapitolhøgda i Forum Romanum, og vart etter sigande datert til den arkaiske perioden av dei romerske kongane, [7] og blitt etablert på denne staden av Titus Tatius, [8] tradisjonelt datert til 700-talet f.Kr. Det var i synspunktet til etruskiske haruspiksar at eit tempel for Vulkan måtte vere lokalisert utanfor byen [9] og det er mogeleg at Volcanal kan ha lege utanfor bygrensene før Roma utvida han til å omfatte Kapitolhøgda òg. [10] Volcanalia, ofringar til Vulkan, blei gjort her den 23. august. [7] Vulkan hadde òg eit tempel på Campus Martius («Mars-marka») i Roma som eksisterte siden år 214 f.Kr. [10]

Romarane identifiserte Vulkan med den greske smedguden Hefaistos, og han vart assosiert med den gresk motparten sin for den konstruktive nytta av eld i metallarbeidet. Eit fragment av ei gresk krukke som viser Hefaistos er funne ved Volcanal og er vorte datert til 500-talet f.Kr. Det tyder på at dei to gudane allereie var assosiert med kvarandre på denne tida. [11] Likevel hadde Vulkan sterkare tilknyting enn Hefaistos med elden sine destruktive krefter, og det var ein stor omtanke hos tilhengarane hans i å oppmuntre guden til å hindre skadelege brannar. Festivalen hans Vulcanalia som vart feira årleg den 23. august var ei tid då varmen på årstida truga avlingane og kornmagasina med risiko for å brenne ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Varro ling. Lat. V, X: «...Et arae Sabinum linguam olent, quae Tati regis voto sunt Romae dedicatae: nam, ut annales dicunt, vovit Opi, Florae, Vediovi Saturnoque, Soli, Lunae, Volcano et Summano, itemque Larundae, Termino, Quirino, Vortumno, Laribus, Dianae Lucinaeque...»
  2. Varr. Ling. Lat. V, 10: «Ignis a gnascendo, quod huic nascitur et omne quod nascitur ignis succendit; ideo calet ut qui denascitur cum amittit ac frigescit. Ab ignis iam maiore vi ac violentia Volcanus dictus. Ab eo quod ignis propter splendorem fulget, fulgur et fulmen, et fulguritum quod fulmine ictum.»
  3. Skeat, W. W. (1963, 1. utg. 1882): Etymological dictionary of the English language, New York; s.v. volcano: «cf Skt. varchar-s: lustre»
  4. Cook, A. B. (1925): Zeus: a study in Ancient religion, bind II, ss. 945 ff.
  5. Meid, W. (1961): «Etr. Velkhans- Lat. Volcaanus», Indogermanische Forschugungen, 66
  6. Dumezil, G. (1974): La religion romaine archaique, Paris, del I.
  7. 7,0 7,1 Platner Samuel Ball & Ashby, Thomas (1929): «Volcanal». A Topographical Dictionary of Ancient Rome. London: Oxford University Press. ss. 583–584.
  8. Dionysius av Halicarnassus, II.50.3; Varro V.74.
  9. Vitruvius 1.7; sjå òg Plutark, Romerske spørsmål 47
  10. 10,0 10,1 Dumézil, Georges (1996, først gjeven ut 1966): Archaic Roman Religion: Bind 1, overs. Philip Krapp. Baltimore: Johns Hopkins University Press. ss. 320–321. ISBN 0-8018-5482-2 (hbk.); ISBN 0-8018-5480-6 (pbk.).
  11. Beard, Mary; North, John & Price, Simon (1998): Religions of Rome, bind 2: A Sourcebook. Cambridge: Cambridge University Press. ss. no. 1.7c. ISBN 0-521-45015-2 (hbk.); ISBN 0-521-45646-0 (pbk.).