Gudhjem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hamna i Gudhjem

Gudhjem er ein landsby nord på øya Bornholm i Danmark. Landsbyen hadde 787 innbyggarar i 2008.

Fiskeri og kvalfangst har vore hovudnæringar for folk i Gudhjem sidan uminnelege tider. Fiskarane kunne ha båtane liggande nokolunde sikkert i ei av dei mange vikane. Gudhjem fekk si første hamn nokre få år før ei stor stormflod i november 1872. Den nybygde hamna vart totalt øydelagt, til liks med mange andre bornholmske hamner. Først i 1889 stod ei ny hamn ferdig. Det viste seg raskt at den nye hamna var vanskeleg å sigle, når det bles kraftig frå aust. Fiskarane vedtok difor å bygge ei hamn ved Nørresand i tillegg. Denne hamna kunne brukast som naudhamn for heile nordkysten av Bornholm. Arbeidet med hamna ved Nørresand tok til i 1897, og vart avslutta i 1906.

I dag er Gudhjem eit populært reisemål for turistar som er fascinert over dei bratte, måleriske gatene, det vide utsynet og den vennlege atmosfæren. Landsbyen hyser eit museum for målaren Oluf Høst.

Utsikt over Gudhjem

Gudhjem har ferjesamband til Christiansø. I ei eller anna forma har dette sambandet vore oppretthalde heilt sidan 1684, då festninga på Christiansø vart bygt. Fiskarane og kvalfangarane fekk den gongen særvilkår av kongen, mot å stille sine robåtar til rådvelde når det skulle siglast til øya.

Gudhjem er den stad i Danmark der ein først byrja å røyke sild. Om sommaren vart silda røykt i dei skorsteinane som om vinteren vart nytta til å røyke pølser. I 1840-åra tok ein til å skipe ut røykt sild til København.

Omkring 2 km aust for Gudhjem går lengdegrada 15° aust, som er utgangspunktet for dansk normaltid. Dansk normaltid vert difor av og til kalla Gudhjemtid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gudhjem» frå dansk wikipedia og «Gudhjem» frå engelsk wikipedia, den 8. mars 2009.