Gudinna Bellona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Bellona (fleirtyding)
Skulputr av Bellona (1878) av Auguste Rodin.

Bellona var ei romersk krigsgudinne, kanskje av etruskisk opphav. Ho blei samanlikna med den greske gudinna Enyo.

Namnet Bellona heng saman med det latinske ordet for krig, bellum, og ein trur at ho var den opphavlege guddommen for krig før Mars tok over. Gudinna stod for redslene heller enn den heltemodige sida ved kriginga. I kunsten blei ho framstilla med hjelm, spyd, sverd og fakkel. Festdagen hennar var 3. juni.

Ruinar etter tempelet til Bellona i Roma.

Alle møte i det romerske senatet som hadde med utanlandsk krig å gjera blei haldne i tempelet til gudinna, Templum Bellonae, på Kapitolinarhøgda. Tempelet blei bygd i 296 f. Kr. og brann ned i 48 f. Kr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gudinna Bellona