Gudinna Frøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om gudinna. For øya, sjå Frøya i Trøndelag. For kommunen, sjå Frøya kommune.

Frøya (norrønt Freyja) var kjærleiksgudinna i norrøn mytologi. Ho var den viktigaste vanegudinna og blei derfor også kalla Vanadis. Namnet til Frøya tyder herskarinne, og ho har fleire likskapar med Frigg, noko som kan tyda på at dei faktisk var same gudinne. Av namnet hennar Frøya finn ein avleiinga frue.

Frøya slik Carl Frederick von Salza såg henne.

Ho skal òg ha vore den som lærte menneska å utføra seid, det vil seia evna til å sjå framover og bakover i tid for den sjamanaktige kultleiaren. Dette hadde ho til felles med Odin, og liksom han kravde også Frøya offer frå tilbedarane sine.

Mytologisk historie[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen mellom æsene og vanene kom Frøya saman med far sin Njord og tvillingbror sin Frøy til Åsgard og blei deretter rekna som æser, Frøya som ei åsynje. I typisk vanetradisjon var Frøya gift med bror sin, men ho hadde òg andre makar. Den viktigaste av desse var Od. Då han forlet henne gret Frøya gylne tårer av det reinaste raudgull over den tapte elskaren sin.

Loke kallar henne alle gudars og alvars elskarinne, medan jotunen Hyndla påstår at ho er i lag med bukkar om nettene. Sikkert er det at mange mytologiske skapningar gjerne ville ha Frøya. Fire dvergar gav henne det kostelege smykket Brisingamen mot å få ei natt kvar med Frøya, og jotunen Trym stal hammaren til Tor for å kunne gifta seg med henne.

Men Frøya var ikkje berre kjærleik. Ho tok òg imot halvparten av krigarane som fall i kamp i hallen sin, Sessrúmnir i Folkvang. Den andre halvparten drog til Odin i Valhall.

Eigedelar[endre | endre wikiteksten]

Heimdall gjev Brisingamen tilbake til Frøya. Måleri av Nils Blommér frå 1845.

Andre namn på Frøya[endre | endre wikiteksten]

  • Gefn, gjevaren (sjå òg Gefjon)
  • Syr, sugge
  • Menglød, «den halssmykkeglade» (Fjølsvinnsmal)
  • Mardøll, eit namn som knyter henne til havet (mar)
  • Hørn, ho som vernar
  • Vanadis, vanegudinna
  • Skjolv
  • Hyndla

Skrifter Frøya er nemnd i[endre | endre wikiteksten]

Astronomi[endre | endre wikiteksten]

Frøya har kalla opp objekt og formasjonar i solsystemet: