Gudmund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den svenske diktaren og statsmannen Gudmund Jöran Adlerbeth.

Gudmund er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne namnet Guðmundr er sett saman av guð, 'gud', og mundr, 'vern', eller 'gåve'.

Gudmund har namnedag i Danmark og Noreg den 16. mars og i Sverige den 2. april.

Den islandske forma Guðmundur er eitt av dei mest brukte namna på Island. I Noreg har Gudmund i nyare tid vore mest brukt som namn på nyfødde på 1920- og 1930-talet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]