Gudny Fagerhol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudny Fagerhol
Fødd30. juli 1949 (74 år)
Snåsa kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervOrdførar i Ørsta 2007-2011
FøregangarHans Olav Myklebust
EtterfylgjarRune Hovde
Alle verv
  • ordførar i Ørsta (2007–2011)
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001) Sjå dette på Wikidata

Gudny Fagerhol (fødd 30. juli 1949 i Snåsa) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.[1] Ho var ordførar i Ørsta kommune frå 2007 til 2011,[2][3] og kom første gong inn i kommunestyret i 1979. I 2009 fekk ho likestillingsprisen frå Møre og Romsdal Fylke.

Før ho vart ordførar var Fagerhol tilsett ved Ørsta Veg- og Trafikkstasjon.

Politikk i Ørsta kommune[endre | endre wikiteksten]

  • Medlem i kommunestyret 1979–1991 og 2003–2011
  • Medlem i formannskapet 1983–1991 og 2007–2011
  • Leiar for hovudutval helse og sosial 1983–1999 og 2003–2007
  • Varaordførar 1983–1991

Politikk Møre og Romsdal fylke[endre | endre wikiteksten]

  • Medlem fylkestinget 1987–2007
  • Leiar i likestillingsutvalet i fylket 1995–2007[4]
  • Leiar i rådet for funksjonshemma i fylket 1995–2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gudny heidra av Ap - Møre-Nytt 04.05.2016, besøkt 06.10.2016
  2. Ny ordførar er klar i Ørsta - Hjørundfjordportalen 14.09.2007, besøkt 06.10.2016
  3. Vippet FrP-ordfører av pinnen - Fri Fagbevegelse 27.09.2007, besøkt 06.10.2016
  4. Likestillingspris til Gudny - NRK/Møre og Romsdal 08.09.2009, besøkt 06.10.2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]