Gudolf Blakstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudolf Blakstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mai 1893
Gjerpen kommune
Død

22. november 1985 (92 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Far Wilhelm Blakstad
Gudolf Blakstad på Commons

Gudolf Blakstad (19. mai 189322. november 1985) var ein norsk arkitekt. Han vart fødd i Gjerpen nær Skien, og døydde i Oslo.

Blakstad tok utdanning ved Noregs tekniske høgskole, med eksamen frå arkitektlinja i 1916. Han arbeidde i to år hos arkitekt Arnstein Arneberg, før han i 1918 starta sin eigen praksis i Oslo. I 1919 teikna han Oslo Nye Teater saman med Jens Dunker. Som arkitekt arbeidde han mykje saman med Herman Munthe-Kaas som han hadde firma saman med i rundt 50 år. Ein kan vanskeleg skilje verka deira frå einannen.

Rådhuset i Haugesund teikna av Herman Munthe-Kaas og Gudolf Blakstad
Foto: Sjoehest

Blakstad vart kjend for arbeidet sitt i overgangen mellom nyklassisisme og funksjonalisme i norsk arkitektur. Blakstad er særleg kjend for å ha teikna Haugesund rådhus (1922) i nyklassisistisk stil og Kunstnernes Hus i Oslo i funksjonalistisk stil.

Blakstad fekk Houens fonds diplom tre gonger; i 1930 saman med Jens Dunker for Det Nye Teater i Rosenkrantz' gate i Oslo, i 1931 og 1934 saman med Herman Munthe-Kaas. Dei fekk prisen for Kunstnernes Hus i 1931 og for Haugesund rådhus i 1934. I 2004 blei Elgeseter bru frå 1950 tildelt Betongtavlen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gudolf Blakstad