Gudrød Veidekonge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Gudrød Veidekonge var konge i Vestfold og skal ha døydd i 839.

Gudrød var av Ynglingeætta og son av Halvdan den milde. Han var óg kalla den «Storlåtne».

Gudrød var gift to gonger, først med Alvhild, dotter av kong Alvarin frå Alvheim, og med henne fekk han halve Vingulmark, fortel Snorre Sturlason. Sonen deira er Olav Geirstada-Alv. Etter at Alvhild var daud, bela Gudrød til Åsa, dotter til Harald Granraude i Agder. Harald nekta dette, og Gudrød for med hærskip til Agder og røva Åsa. Harald og sonen hans, Gyrd, fall i slaget. Åsa vart mor til Halvdan Svarte.

Soga fortel at Gudrød vart drepen av skosveinen til Åsa. Dette har Snorre frå Ynglingatal, der det heiter:

Løyn-siger
den løynske tenaren
hennar Åsa vann
yvi kongen,
og på Stivlesunds
seng den gamle
drap han i hel
hovdingen gjæve.

Ein kan elles merke seg at det er likskap mellom dette drapet og skildringa av drapet på langobardarkongen Alboin, fortald hjå Paulus Diaconus. Alboin vart drepen av ein svein som var i teneste hjå dronninga Rosamunda.

Gudrød sat som konge i Skiringssal i Vestfold.

Halvdan Koht skriv dette om Gudrød:

Gudrød Veidekonge er den fyrste i kongsrekkja som vi har vitnemål um har namnet «konge»; hjå Tjodolv har han elles namet «den gjævlåtne». I hans dagar, i 843, høyrer vi um at vestfoldingane kom på vikingferd til Frankrike. Tjodolv kallar dronninga hans Åsa, og A. W. Brøgger meiner at det er haugen over henne dei har funne Osebergskipet i. Åsa var etter sogone mor til Halvdan Svarte; men Tjodolv i Ynglingatal fylgjer ikkje denne ættgreina, han fortel i staden som sonen, Olav Geirstadalv, som Gudrød hadde med ei anna kone, og sidan um hans son att, Ragnvald. Hadde han kvede um Halvdan, vilde han vel snautt ha sagt slikt um mor hans. Tjodolv var ikkje hirdskald hjå Harald Hårfagre heller. Norrøne Bokverk, band fire, note.