Guds mor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Guds mor er den vanlegaste tittelen på Jomfru Maria. Det blei dogmatisk fastsett på konsiliet i Efesos i 431.

Formuleringa Theotokos (gr., eigentleg 'gudefødar') var retta mot Nestorios si lære om at Maria berre hadde sett den menneskelege naturen til Kristus og ikkje den guddommelege. Tittelen heldt fram at Kristus både er Gud og menneske. Theotokos blei teken inn i dei austlege liturgiane og kom i mellomalderen inn i Vest-Kyrkja som det latinske Dei Genetrix.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.