Guido von Starhemberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guido von Starhemberg

Guido Wald Rüdiger, greve av Starhemberg (fødd 1657 i Graz, død 7. mars 1737 i Wien) var ein austerriksk militæroffiser.

Han var syskenbornet til Ernst Rüdiger von Starhemberg (1638-1701), den kjende kommandanten i Wien under den tyrkiske omleiringa i 1683, og var adjutanten hans under striden. Guido følgde syskenbarnet sitt, og seinare prins Eugene av Savoie, i slaga mot tyrkarane.

I den spanske arvefølgjekrigen kjempa Starhemberg i Italia og Spania. Mellom 1706 og 1708 var han øvstkommanderande for keisararmeen i Ungarn, og leia operasjonane mot opprøra til Frans II Rákóczi. I 1708 vart han utpeikt som øvstkommanderande for austerrikarane i Spania.

I lag med James Stanhope klarte han å erobre Madrid i 1710, etter sigrar i Almenar og Saragossa.

I desember vart han tvungen til å forlate byen på grunn av mangel på støtte hos folket i Madrid for den Habsburgske tronpretendenten. Etter nederlag i slaget ved Brihuega og slaget ved Villaviciosa (1710), trekte han seg attende til Catalonia, der han vart statthaldar, då erkehertug Karl reiste attende til Austerrike.

Etter freden i Utrecht (1713), gav erkehertug Karl, no keisar Karl VI, han ordre om å forlate Catalonia. Han trekte seg attende med soldatane sine til Genova på engelske skip.

Då han døydde i 1737 var han guvernør i Slavonia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]