Guillaume Apollinaire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guillaume Apollinaire (left) and André Rouveyre, 1914.

Guillaume Apollinaire (26. august 18809. november 1918), hans rette namn var Wilhelm Albert Włodzimierz Apolinary de Wąż-Kostrowicki (eller Kostrowitzky etter fransk ortografi), var ein av dei viktigaste franske poetane og forfattarane på byrjinga av nittenhundretalet. Han var fødd i Roma av ei polsk grevinne, Angelika Kostrowicka; faren var truleg Francesco Flugi d'Aspermont, ein italiensk offiser som aldri hadde kontakt med sonen sin. Apollinaire, som vart fransk statsborgar 9. mars 1916 og tok del i kampane under fyrste verdskrigen, døydde i Paris av spanskesjuka, berre 38 år gamal. Hans namn står på minneplata i kyrkja Panthéon i Paris i opprekninga over dei skribentane som døydde for Frankrike under verdskrigen.

Apollinaire, som i sin ungdom var sterkt influert av den symbolistiske poesien og så opp til dei unge poetane som seinare skulle danne kjernen av surrealistiske diktarar, Breton, Aragon og Soupault, er oppfinnaren av omgrepet «surrealisme». Han gjorde seg til talsmann for kunstnerisk avantgarde, som til dømes kubismen i målarkunsten. I 1913 gav han ut essayet Les Peintres cubistes (Dei kubistiske målarane) som gjorde sitt til å definere og gjere kjend denne nye retninga i målarkunsten, og skreiv òg om Robert Delaunay og andre målarar som held seg til det abstrakte.

Han vart vidgjeten for poesien sin, og praktiserte det som han kalla calligramme, eit vis å setje opp dikta grafisk på som gav dei form av teikningar. Med «kalligrammet» vart den klassiske måten å skrive poesi på i vers og strofer skifta ut med ei visuell framstilling som skal sameine det unike ved sjølve skrivinga med det reproduserbare som det prenta verset på boksida står for. Han blander gamalt med og nytt, tradisjonelle former med modernistisk bildespråk. Diktsamlinga Alcools frå 1913, frukta av hans poetiske arbeid heilt frå 1898, var den boka som fyrst gav han merksemd som poet.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Poesi:

  • Le Bestiaire ou cortège d'Orphée, illustrert med graveringar av Raoul Dufy, Deplanche, 1911, og med fargelitografiar av Jean Picart Le Doux, Les Bibliophiles de France, 1962.
  • Alcools, samling av dikt frå perioden 1898 - 1913, Mercure de France, 1913.
  • Vitam impendere amori, illustrert av André Rouveyre, Mercure de France, 1917.
  • Calligrammes, poèmes de la paix et de la guerre 1913-1916, Mercure de France, 1918.
  • Aquarelliste
  • Il y a..., posthum samling, Messein, 1925.
  • Ombre de mon amour, dikt tileigna Louise de Coligny-Châtillon, Cailler, 1947.
  • Poèmes secrets à Madeleine, édition pirate, 1949.
  • Le Guetteur mélancolique, poèmes inédits, Gallimard, 1952.
  • Poèmes à Lou, Cailler, diktsamling tileigna Louise de Coligny-Châtillon, 1915.
  • Soldes, poèmes inédits, Fata Morgana, 1985
  • Et moi aussi je suis peintre, album med lyriske fargelagde idéogrammer på prøvestadiet, medteke i samlinga Calligrammes, Le temps qu'il fait, 2006.

Romanar og forteljingar:

  • Mirely ou le Petit Trou pas cher, erotisk roman skrive under pseudonyme for ein bokhandel i rue Saint-Roch à Paris, 1900.
  • Que faire ?, roman-føljetong i avisa Le Matin.
  • Les Onze Mille Verges ou les amours d'un hospodar, 1907.
  • L'Enchanteur pourrissant, illustrert med graveringar av André Derain, Kahnweiler, 1909.
  • L'Hérésiarque et Cie, forteljingar, Stock, 1910.
  • Les Exploits d'un jeune Don Juan, erotisk roman, 1911.
  • La Rome des Borgia, som er av Dalize, Bibliothèque des Curieux, 1914.
  • La Fin de Babylone - L'Histoire romanesque 1/3, Bibliothèque des Curieux,1914.
  • Les Trois Don Juan - L'Histoire romanesque 2/3, Bibliothèque de Curieux, 1915.
  • Le Poète assassiné, forteljingar, L'Édition, Bibliothèque de Curieux, 1916.
  • La Femme assise, uferdig og utgjeve posthumt, Gallimard, 1920.
  • Les Épingles, forteljingar, 1928.

Kritikkar og kronikkar:

  • La Phalange nouvelle, konferanse, 1909.
  • L'Œuvre du Marquis de Sade, utval, introduksjon, bibliografiske essay og noter, Paris, Bibliothèque des Curieux, 1909, den fyrste antologien i Frankrike om marquis de Sade.
  • L'Œuvre poétique de Charles Baudelaire, introduction et notes à l'édition des Maîtres de l'amour, Collection des Classiques Galants, 1924 Paris
  • Les Poèmes de l'année, konferanse, 1909.
  • Les Poètes d'aujourd'hui, konferanse, 1909.
  • Le Théâtre italien, illustrert litterært leksikon, 1910
  • Pages d'histoire, chronique des grands siècles de France, 1912
  • La Peinture moderne, 1913.
  • Méditations esthétiques. Les Peintres cubistes, 1913.
  • L'Antitradition futuriste, manifeste synthèse, 1913.
  • Le Flâneur des deux rives, chroniques, Éditions de la Sirène, 1918.
  • Les Diables amoureux, recueil des travaux pour les Maîtres de l'Amour et le Coffret du bibliophile, Gallimard, 1964.

Prosasamlingar og anna litteratur :

  • Œuvres en prose complètes. Tomes II et III, Gallimard, "Bibliothèque de la Pléiade", 1991 og 1993.
  • Petites merveilles du quotidien, attfunne tekstar, Fata Morgana, 1979.
  • Petites flâneries d'art, attfunne tekstar, Fata Morgana, 1980.

Teater og film:

  • Les Mamelles de Tirésias, surrealistisk draman i to aktar og ein prolog, 1917.
  • La Bréhatine, filmmanuskript skrive i samarbeid med André Billy, 1917
  • Couleurs du temps, 1918
  • Casanova, comédie parodique, 1952.
  • Les Exploits d'un jeune Don Juan (L'Iniziazione), filmatisering ved Gianfranco Mingozzi, fransk-italiensk produksjon frå 1987.

Brevveksling:

  • Lettres à sa marraine 1915–1918, 1948.
  • Tendre comme le souvenir, lettres à Madeleine Pagès, 1952.
  • Lettres à Lou, édition de Michel Décaudin, Gallimard, 1969.
  • Lettres à Madeleine. Tendre comme le souvenir, revidert og utvida utgåve ved Laurence Campa, Gallimard, 2005.
  • Correspondance avec les artistes, Gallimard, 2009.

Dagbok:

  • Journal intime (1898-1918), édition de Michel Décaudin, faksimile av upubliserte notat av Apollinaire, 1991.