Guillaume Cornelis van Beverloo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guillaume Cornelis van Beverloo

Pseudonym Beverloo, Corneille Guillaume
Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 4. juli 1922
Liège
Død

5. september 2010 (88 år)
Auvers-sur-Oise, L'Isle-Adam

Yrke kunstmålar, grafikar, bilethoggar, keramikar, lyrikar, illustratør, fotograf, grafikar, teiknar
Guillaume Cornelis van Beverloo på Commons

Guillaume Cornelis van Beverloo (3. juli 19225. september 2010), vidgjeten under kunstnarnamnet Corneille, var ein kunstmålar, grafikar og skulptør som vert rekna mellom dei fremste på 1900- og byrjinga av 2000-talet, og var med på å skipe COBRA-gruppa i 1948. Han vart fødd i Liège i Belgia av nederlandske foreldre, budde storparten av barndomstida i denne byen, og døydde i Auvers-sur-Oise i Val-d'Oise i Frankrike, der han er jordfesta på den lokale gravplassen attmed kunstmålaren Vincent van Gogh, ein kunstnar som Corneille hadde halde høgt.

Etter å ha studert ved Rijksakademie van beeldende kunsten (kunstakademiet) i Amsterdam, byrja Corneille å stille ut verka sine i 1948. Deretter oppdaga han kunstretninga som har fått nemninga surrealisme, og skipa i 1948 den eksperimentale rørsla Reflex saman med kunstnarane Karel Appel, Eugène Brands, Constant Nieuwenhuis, Anton Rooskens og Theo Wolvecamp. Med utgangspunkt i dette var han med på å skipe gruppa COBRA saman med Karel Appel, Constant Nieuwenhuis,Asger Jorn og Dotremont. Etter kvart slutta òg målarar og forfattarar som Jacques Doucet, Alechinsky, Heerup, Reinhoud, Else Alfeldt, C.H. Pedersen, Egill Jacobsen, C.O. Hultén, Anders Osterlin og Max Walter Svanberg seg til denne gruppa. Men i april 1951, då ei utstilling i Paris med Corneille, Jorn, Appel, Egill Jacobsen og Mogens Balle (som av vanskar med transporten ikkje fekk bileta sine fram i tide) vart opna med namnet Cinq peintres de Cobra («Fem Cobra-målarar»), var det klårt at COBRA-rørsla var i oppløysing; den nederlandske gruppa innanfor COBRA var då lagd ned.

I 1949 hadde Corneille lagt ut på den fyrste reisa si til Nord-Afrika, der han gjorde seg kjend med den arabar- og berbarverda han møtte der, og hadde deretter si fyrste utstilling i Paris saman med Karel Appel og Constant på Galerie Colette Allendy. Corneille var aldri lenge på den same plassen, men reiste verda ikring og tok inntrykk av det han såg: Han har vore i Afrika, Latin-Amerika med Mexico og Brasil og i Søraust-Asia med Indonesia, Bali, Kina, Japan, og i Israel, Sambandsstatane, Italia, Ungarn, Danmark og fleire andre land. Men i 1995 slog han seg til ro og busette seg med familien i Villiers-Adam i Val d’Oise, ein region som alltid hadde drege til seg vidgjetne kunstmålarar på grunn av det særeigne ljoset ein kunne finne der.

Frå 1950-talet, etter at han hadde slått seg ned i Paris, byrja han å stille ut i dei store kunstgalleria i byen, som Galerie Maeght (1950), Colette Allendy (1954), Galerie Ariel (1961), og dessutan i Lefebre Gallery i New York (1962). Han stilte òg ut i musea, som i Musée de Curaçao (1954), Palais des beaux-arts i Bruxelles i Belgia (1956) og Stedelijk Museum i Amsterdam i Nederland (1956 og 1960). Etter dette vart verka hans utstilt i dei største og mest vidgjetne kunstmusea i verda.

Mykje kan karakteriserast som stabilt i Corneilles œuvre, men hans produksjon kan likevel delast inn i periodar som skil seg markant frå kvarandre. Frå ungdomstida fram til 1947 står portrettet som det viktigaste for han. COBRA-perioden frå 1948 til 1951 markerer seg med fantasifulle og fargerike menneske- og dyrefigurar, medan «post-COBRA-perioden» frå 1951 til 1955 har vore karakterisert som hans «période d’Abstraction lyrique», den «abstraksjonslyriske» perioden hans. Frå 1955 til 1965 går han inn ein såkalla «mineralogisk» periode som han sjølv kalla «géologique» (geologisk), med verk som òg har vorte karakterisert som «paysagisme abstrait», eit slags abstrakt landskapsmåleri. I 1970 tek ein figurativ periode til, med motiv i form av ei blanding av kvinner, fuglar og ormar, og frå 2007-2008 ein ny periode som kjenneteiknast av ein syntese av tidlegare periodar, eller av reine abstrakte komposisjonar, med særeigne «Corneille-fargar». Frå 2008 hylla han i verka sine landskapet i Auvers-sur-Oise; han vart «Un peintre solaire à Auvers-sur-Oise» (Ein solas målar i Auvers-sur-Oise). Fleire verk knytte til komponistar, som Mozart, Beethoven og andre, markerte dessutan pasjonen hans for musikk, og Festival de musique d’Auvers-sur-Oise (Musikkfestivalen i Auvers-sur-Oise) inviterte Corneille som honnørkunstnar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]