Guillaume av Luxembourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guillaume

Fødd11. november 1981
Luxembourg i Luxembourg
TittelArvestorhetug av Luxembourg
Alle titlarPrince of Luxembourg
Fullt namnGuillaume Jean Joseph Marie
Hus eller slektgrand ducal family of Luxembourg
LandLuxembourg
MorMaria Teresa av Luxembourg
FarHenri av Luxembourg
EktefelleStéphanie de Lannoy
BarnCharles av Luxembourg, Prins François av Luxembourg

Guillaume (fødd 11. november 1981 i Luxembourg) er prins og arvestorhertug av Luxembourg og eldste son av storhertug Henri av Luxembourg og storhertuginne Maria Teresa av Luxembourg.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Guillaume vart fødd på sjukehuset Maternité Grande-Duchesse Charlotte i Luxembourg.[1] Han har fire yngre sysken: Félix av Luxembourg, Louis av Luxembourg, Alexandra av Luxembourg og Sébastien av Luxembourg. Gudforeldra hans er erkehertuginne Marie Astrid av Austerrike og prins Guillaume av Luxembourg . Sjølv er Guillaume gudfar til prins Sébastien, prins Paul Louis av Nassau, prins Emmanuel av Belgia, prinsesse Ariane av Nederland og prins Noah av Nassau.

Arvehertug[endre | endre wikiteksten]

Guillaume har vore arving til den luxembourgske trona sidan far hans vart storhertug i 2000.[1] Om han ein gong vert storhertug vil han få namnet Guillaume V. Ei av oppgåvene hans sidan 2001 har vore å vere æresstyreleiar for den økonomiske utviklinga i Luxembourg.[2] Han var tidlegare aktiv i Kraizberg Foundation, ein veldedig institusjon for funksjonshemja.

Guillaume har representert Luxembourg under fleire feiringar, mellom anna då prins Christian av Danmark var døypt i januar 2006, då dronning Sonja av Noreg feira bursdagen sin i juli 2007 og då kronprins Willem-Alexander av Nederland feira 40-årsdagen sin i september 2007.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Då Guillaume feira 30-årsdagen sin gav han intervju der han sa at han var i eit forhold, men at dei trong meir tid til å vurdere ei mogleg framtid i lag. 26. april 2012 annonserte hoffet at kjærasten hans var den belgiske grevinna Stéphanie de Lannoy.[3] Dei har felles avstamming frå den austerrikske hertugen Charles Marie Raymond d'Arenberg. Guillaume og Stéphanie de Lannoy gifta seg 19. og 20. oktober 2012. Den fyrste delen av bryllaupet var privat, medan det religiøse bryllaupet med gjester frå heile verda fann stad dagen etter.[4]

10. mai 2020 fekk han og arvestorhertuginna det fyrste barnet sitt, sonen prins Charles.[5]

Guillaume er interessert i musikk og idrett; han spelar piano og likar fotball, symjing og volleyball. Han pratar luxembourgsk, fransk, tysk, spansk og engelsk. Han representerer ofte foreldra sine i utlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Le Grand-Duc héritier, monarchie.lu
  2. «HRH Prince Guillaume Jean Joseph Marie, Hereditary Grand Duke of Luxembourg» (på engelsk). 11. november 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  3. «Guillaume et Stéphanie se financent demain» (på engelsk). Wort.lu. Henta 25. oktober 2012. 
  4. «Mariage princier au Luxembourg 20 octobre 2012» (på fransk). Noblesse et Royautés. Arkivert frå originalen 11. mai 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  5. «Naissance du Prince Charles - Déclaration du Prince Guillaume - Cour Grand-Ducale de Luxembourg - Mai 2020». www.monarchie.lu. Henta 11. mai 2020.