Guillaume de Machaut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guillaume de Machaut
Machaut 1.jpg
Machaut til høgre
Fødd kring 1300, Machaut i Frankrike
Død 13. april 1377 (77 år), Reims i Frankrike
Sjanger Mellomaldermusikk
Yrke Komponist, diktar

Guillaume de Machaut, stundom og kalla Machault (13001377) var den førande komponisten innanfor ars nova i Frankrike. Han var òg den første som skreiv for fire stemmer, der det før hadde vore vanleg med tre. Han skreiv både verdsleg og geistleg musikk, og er stundom kalla den siste trubaduren i mellomalderen. Han var òg ein framtredande diktar i tida, og den første ein har meir vidfemnande biografisk kunnskap om. Machaut tydde mykje for utforminga av motetten, og var den første til å skrive ei samanhangande messe, Messe de Nostre Dame frå 1346.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Det er rekna med at Guillaume vart fødd kring året 1300 og vart fostra og utdanna i området kring Reims i Frankrike. Mange trur han vart fødd i byen, sjølv om byen Machault, som han heiter etter, ligg i Ardennane, 30 kilometer lenger aust. Frå 1323 vart han tilsett hjå hertugen av Luxemburg, som og var konge av Böhmen, og vart med på ei rad med sendeferder kringom Europa. Han var i teneste hjå kong Johan av Böhmen til 1346, då denne fall i Slaget ved Crécy. Etter dette var Machaut i teneste hjå ei rekkje andre stormenn i Europa. Han levde det meste av livet sitt i Reims etter 1349, då han overlevde Svartedauden, og komponerte så lenge han evna det. Han nytta siste luten av livet på ei samla utgåve av verka sine, den første komponisten som gjorde noko slikt, og sytte for at dei vart tekne vare på for ettertida. I 60-årsalderen skreiv han ein diktsamling tileigna ei jente han vart hugteken av, Péronne d´Armentières. Desse kjærleiksdikta vart mykje lesne i ettertida. Han døydde i 1377, og vart sørgd av andre yngre komponistar i Frankrike.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Machaut skreiv om lag 400 dikt i ulike stilartar, 235 balladar, 76 rondeauar, 39 virelaiar, 24 lais, og nokre andre dikt i andre genrar. Han gjorde mykje for å utvikle og perfeksjonere desse formene, kalla formes fixes. Sjølv skal han ha sagt at han verdsette diktverk og skrive ord over musikken. Ikkje alle dikta hans fekk musikalsk følgje. Han meinte desse dikta skulle lesast, ikkje syngjast, og var ein meister i vanskelege rimstrukturar. Mange av dikta handlar om høvisk kjærleik, slikt det var vanleg i riddardiktinga. Mot slutten av livet skreiv han og ein poetisk framstilling av dette handverket, eit slag skaldskaparmál for fransk dikting. Han var svært sjølvmedveten, og nytta ofte seg sjølv som hovudperson i dikta sine.

Som komponist skreiv han mange songar for ei stemme, i trubadurtradisjon, som oftast kjærleiksviser. Han skreiv og for to, tre eller fire stemmer i same stil, både kjærleikssongar og anna. Stundom kunne han leggje to eller tre tekstar over einannan, typisk for tida, og desse kommenterte kvarandre.

Machaut skreiv si Messe de Nostre Dame i 1346, truleg for katedralen i Reims. Dette er den første messesyklusen skriven av ein einskild komponist. Det er rekna med at Machaut var inspirert av Tournai-messa, som var skriven noko før. Det er nokre sams stilistiske drag mellom verka. Nostre Dame-messa er meir einskapleg i utforminga enn Tournai-messa. Det er likevel noko debatt kring verket, på grunn av mangel på melodisk einskap mellom satsane.

Machaut var og ein meister i å laga kanonar. Nokre av var desse svært raffinerte. «La lai de la fontaine» er eit døme på kanon-kunsta hans, og den sykliske «Ma fin est ma commencement», 'mi ende er mi byrjing', der ein melodi vert teken oppatt framlengs og baklengs og frå kvar sin kant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]