Guillermo Ochoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guillermo Ochoa
MemoOchoa1.jpg
Personleg informasjon
Namn Francisco Guillermo Ochoa Magaña
Fødselsdato 13. juli 1985
Fødestad Guadalajara i Mexico
Høgd 183 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Ajaccio
Draktnummer 1
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-11
2011-
Mexico Club América
Frankrike Ajaccio
239 (0)
7 (0)
Landslag**
2004-08
2005-
Mexico Mexico U23
Mexico Mexico
6 (0)
47 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 23. mai 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 4. september 2011.

Francisco Guillermo Ochoa Magaña (fødd 13. juli 1985) er ein mexicansk fotballspelar som spelar som keeper for Ajaccio i fransk Ligue 1, og for det mexicanske landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Ochoa debuterte for Club América som 18-åring, under den nederlandske trenaren Leo Beenhakker, i ein kamp mot CF Monterrey i venskapsturneringa Clausurai i 2004. Han viste fort potensialet og ferdigheitene sine, og han tok opp kampen med dåverande veterankeeper Adolfo Rios. Då 2004-sesongen starta, var det mange som spådde at Ochoa ville ta over keeperhanskane permanent, då Rios hadde lagt opp. Spådommane slo feil, og den nye trenaren Oscar Ruggeri tok med seg nye målvaktar, blant anna den argentinske stjernekeeperen Sebastian Saja og veteranen Ricardo Martinez. Dette vart eit stadig veksande problem for Ochoa, som kort tid etter hamna på benken.

Ruggeri si tid i klubben var prega av kontroversielle og meir eller mindre upopulære avgjerder, og etter berre seks kampar i førersetet fekk han sparken. Ein ny trener tok over, og Guillermo Ochoa var no for første gong fast på eit lag i medvind under den nye trenaren Mario Carrillo. Sidan trenarskiftet starta Ochoa kvar einaste kamp for América, når han ikkje var skada eller på landslagsoppdrag. Med Carrillo som trenar vann Ochoa den første tittelen sin med América, då seriegullet vart teke heim. Ochoa har fått mykje av æra for América si utrulege sigersrekkje på 28 kampar, som strekte seg over to sesongar.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Ochoa fekk landslagsdebuten i ein vennskapskamp mot Ungarn 14. desember 2005. 20 år gammal vart han kalla inn av landslagstrenaren Ricardo Lavolpe til fotball-VM i 2006 som tredjekeeper. Etter VM gjorde den nye trenaren Hugo Sánchez Ochoa til andrekeeper. Han spelte fleire av kvalifiseringskampane til Mexico til fotball-VM i 2010.

Guillermo Ochoa er frontfiguren på Nord-Amerikas versjon av EA sitt suksesspel FIFA 08.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen, med tilleggsinformasjon frå spansk wikipedia 12. mars 2010.