Gulating lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gulating lagmannsrett held til i Bergen tinghus.

Gulating lagmannsrett har sete i Bergen og er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg.

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.

Innhaldsliste

[endre] Jurisdiksjon

Lagdømmet omfattar fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og i tillegg Sirdal kommune i Vest-Agder, jmr. oversikta nedst på sida over dei tingrettane som høyrer til Gulating lagdømme. Gulating lagmannsrett er den nest største lagmannsretten i Noreg.

[endre] Organisering

Gulating lagmannsrett held til i Bergen tinghus. I løpet av 2011 vil den flytte inn i eit eige tinghus som er bygd ved Festplassen. Den er den nest største av lagmannsrettane både i talet på saker og talet på dommarar (33). Domstolen blir leida av ein førstelagmann. Det er fem lagmenn og 27 fast utnemnde lagdommarar. Domstolen er delt i to dømmande avdelingar og kvar avdeling har eit eige avdelingssekretariat. I tillegg er det ei administrativ fellesavdeling som blir leida av ein administrasjonssjef (p.t. Arne Støle). Gulating lagmannsrett held mange rettsmøte i Stavanger og den har faste kontor og rettslokale i Stavanger tinghus der det er tilsett ein konsulent og ein rettsbetjent. Elles blir det halde det rettsmøte andre stader når det er behov for det - særleg gjeld det i saker der det er naudsynt med synfaring.

[endre] Historie

Namnet har domstolen fått frå det gamle Gulatinget som vart halde i noverande Gulen kommune i Sogn og Fjordane og som dekte det same området som dagens domstol og meir enn det. Gulating lagmannsrett er truleg ein av dei eldste rettsinstansane i kontinuerleg bruk i verda, og kan føra historia attende til Gulatinget og Gulating lagdøme.

[endre] Førstelagmenn i Gulating lagdømme

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk